Statens personalhandbok gratis på nett
Statens personalhandbok inneheld alle viktige reglar og regulativ for tilsette i det offentlege. No er boka tilgjengeleg i ei gratis nettutgåve.
Ifølgje ei pressemelding frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet går det fram at det er lagt ned eit stort arbeid for å gjere dette sentrale referanse- og oppslagsverket maksimalt brukarvennleg, mellom anna med ny og sterkt forbetra søkjefunksjon og stikkordregister.
– Dette er eit viktig fornyingstiltak i offentleg sektor, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV).
– Kvardagen vil verte enklare for tilsette i det offentlege og for dei mange i privat verksemd som er avhengige av kjennskap til offentlege reglar og regulativ.
Mange statlege ordningar er i praksis retningsgivande også for det private næringslivet. Dessutan kan folk no lettare skaffe seg innsikt i kva rettar dei har. Det er eit viktig demokratisk prinsipp, seier Grande Røys.
Statens personalhandbok kjem kvart år i revidert utgåve, mens den elektroniske versjonen på nettet vert oppdatert fortløpande. I tillegg inneheld den elektroniske utgåva hovudtariffavtalen i staten og alle relevante personalmeldingar.
Personalhandboka har fram til no vorte distribuert til offentlege etatar i eit visst tal eksemplar. For andre har boka vore til sals gjennom bokhandelen eller i abonnement som òg har omfatta ei elektronisk utgåve.
Den nye elektroniske versjonen er utvikla av Departementas servicesenter DSS, og er tilgjengeleg på nettadressa www.sph.dep.no
(fhn)