Sogn og Fjordane, og Førde by, blir snart en del av det nye Vestlandet fylke.

Var dette siste reis?

Vi er uroa for framtida i Vestland fylke.

Sissel Karin Holme Sande, rådgjevar på Førde ungdomsskule

Rino Skar, rådgjevar på Kvåle skule og leiar i Rådgjevarforum Sogn og Fjordane

Sist tiåret har rådgjevarar i grunnskule og vidaregåande skule hatt Næringsreisa som eit årvisst møtepunkt. Næringsreisene vert arrangerte av Karriere Sogn og Fjordane. Dei tek oss på lærerike besøk til ulike bedrifter i fylket. Her får vi nyttige innblikk i ei yrkesverd som er ganske annleis enn den vi kjenner frå skuleverket. Vi får verdifull kunnskap om kva som fins av karrieremogelegheiter for dei unge. Denne innsikta hadde vi ikkje fått utan desse reisene.

No gler vi oss over opplevingar og inntrykk frå enno ei reise. Samtidig er vi uroa for framtida. Ved årsskiftet vert vi ein del av Vestland fylke. Då er det slutt på Karriere Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vert det slutt på Næringsreisene også? Eller opnar samanslåinga for nye reisemål? Vi håpar politikarane finn rom for at Næringsreisene kan leve vidare.

I tillegg til kompetanseheving, gjev reisene mogelegheit for viktig nettverksbygging mellom skulefolk, lokalt næringsliv og andre aktørar. Det er ikkje berre rådgjevarar som er på Næringsreise. Folk frå opplæringskontora, LO, NHO, NAV, oppfølgingstenesta, høgskulen, fagskulen, fylkeskommunen og ulike kommunar har også vore med, anten som bidragsytarar eller reisedeltakarar. Når ei gruppe menneske, som eigentleg ikkje kjenner kvarandre, reiser saman, blir tildelte hjelm, vernebriller og tekne med på rundtur på ukjende plassar, skapar det fellesskap som seinare kan løyse utfordringar i arbeidskvardagen.

Denne hausten har vi vore på tur igjen – no var det kystnæringane i Floraregionen som stod i fokus. Vi har fått openbaringar om yngelforsking, lakselus og industri knytt til oppdrett, båt og oljeverksemd. Vi har sett små og store bedrifter som held liv i lokalsamfunn samtidig som dei har kontaktnett over heile verda. Firmanamn vi tidlegare berre kjende frå logoar og namneskilt rommar no inntrykk og opplevingar av lydar, lukter, maskiner, produkt og råvarer.

Vi er rikare og klokare og ser fram til å formidle kunnskapen til elevar som lurer på kva mogelegheiter som fins og kva yrkesveg dei skal velje.

Takk for turen – håpar det blir fleire.

Powered by Labrador CMS