Mykje står på spel dei komande dagane

Debatt: Vi er godt budde hvis meklingane ikkje når fram. Då er svaret streik.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje før er pinsa over, så går Unio sine forhandlarar inn i ei kort, men hektisk meklingsperiode. Det same gjer arbeidsgjevarar og andre hovudorganisasjonar. Og ikkje minst riksmeklaren og staben hans.

Først skal det meklast i staten, KS-området og Oslo kommune. I alle desse tariffområda er meklingsfristen natt til 27. mai. Nokre dagar seinare kjem meklinga mellom Unio og Spekter i sjukehusa. Meklingsfristen der er natt til 4. juni.

I år er det mellomoppgjer. Dermed skal det berre meklast om kroner og prosentar. Det er forresten ikkje berre berre, i alle fall ikkje når det gjeld avstandar mellom partane.

Les også: 7000 Unio-medlemmer kan bli tatt ut i streik – her er oversikten

Arbeidsgjevarane har gjort det ekstra vanskeleg ved å gjere prognosane etter industrioppgjeret til fasit også for offentleg sektor. I alle fall gjorde dei det under sjølve forhandlingane. Men no er det altså mekling.

Om dei vil legge mest vekt på frontfagsresultatet eller om dei tar mest omsyn til innbyggarane og dei tilsette, står att å sjå. Å klage over mangel på fagfolk resten av året, er lite truverdig dersom arbeidsgjevarane ikkje bruker tariffoppgjera til å rekruttere og behalde personell. Lønn funkar. No er sjansen der.

Riksmeklaren har ei hovudoppgåve: å hindre streik. Riksmeklaren skal medverke til arbeidsfred. Difor utfordrar han også partane på begge sider. Dei veit sjølvsagt at dei har eit ansvar for å finne løysing.

Eit meklingsresultat som blir akseptert inneber ikkje nødvendigvis at partane er fornøgde. Det inneber berre at misnøya ikkje er stor nok til å seie nei akkurat denne gongen.

No blir det altså mekla i tre tariffområda samstundes. Men det er ulike meklingar, med ulike meklarar og ulike motpartar. Og det er ulike tariffavtalar som ligg til grunn. Difor kan utfallet også bli ulikt. Til sjuande og sist er det tre ulike forhandlingsutval i Unio som skal seie ja eller nei. Normalt er det er ikkje uravrøysting under mellomoppgjer.

Mange er spente, og mykje står på spel dei komande dagane.

Mange er spente, og mykje står på spel dei komande dagane. Unio kjem til å arbeide hardt for å nå fram til eit positivt resultat. Men somme gonger klarer ikkje meklaren å få partane til å bli einige. Svaret i desse meklingane får vi natt til 27. mai. Men vi er også godt budde viss vi ikkje når fram. Då er svaret streik.

Dette innlegget vart først publisert på Unio sine nettsider. Red.

Powered by Labrador CMS