Lærarane sitt rettsvern har ikkje blitt sterkare i utkastet til ny opplæringslov

Debatt: «Det er mange døme på at lærarar har visst i fleire veker at dei har ei klagesak mot seg, utan å vite kva skuldingane er.»

Publisert Sist oppdatert

No har endeleg utkastet til ny opplæringslov komme, og engasjerte skulefolk frå heile utdanningsløpet les seg raude og såre i auga for å sjå om utkastet har blitt vesentleg endra sidan lovutvalet sine tilrådingar i fjor.

Eg har ikkje lese alt, men gjekk rett til det som engasjerte både meg og mange andre lærarar kanskje mest, nemleg læraren sitt rettsvern i samband med det som vart kalla «krenkeparagrafen», §9A-5. Denne har fått ny plassering, men den har ikkje blitt styrka.

Paragrafen må styrkast, fordi praksis er for svak, slik at læraren sitt rettsvern ikkje er godt nok. Forvaltningslova er domeneoverskridande, og skal gjelde uansett samfunnssektor. Ein som får skuldingar mot seg, skal ha rett til kontradiksjon og gje sin versjon av kva som har skjedd.

Dette skjer ikkje alltid i skulen. I misforstått lojalitet til eleven går det for lang tid før læraren slepp til med sin versjon, når ein har fått skuldingar mot seg. Det er mange døme på at lærarar har visst i fleire veker at dei har ei klagesak mot seg, utan å vite kva skuldingane er. Dette gjev læraren alltid ei kjensle av å vere dømd på førehand, og konsekvensen: eit nedbygd forhold til leiinga, kortare og lengre sjukemeldingar, og i nokre tilfelle vel ein å pensjonere seg før tida.

Gode, samvitsfulle lærarar føler seg mistenkeleggjorde og nedvurderte, og det har konsekvensar for heile arbeidsmiljøet. Dette er uendeleg trist, og det krev so forbanna lite å styrke rettsvernet. Orsak kraftuttrykket, men her er det ekte menneske som er i spel.

Utvalet som kom med fyrste lovutkast i fjor, meinte at kontradiksjonsprinsippet er so sjølvsagt at det ikkje er naudsynt å minne om det i opplæringslova. Det er det! Det er ingenting i vegen for å bruke det som kallast «dobbeltregulering», der ein rett blir vist fleire gongar i eit lovverk.

Opplæringslova blir lest grundig av skuleleiarar, Forvaltningslova ikkje. Det visast i ein praksis prega av asymmetri. Når ein elev klager på ein lærar, blir det ofte teke for lett på undersøkingane om kva som har skjedd. Læraren må sleppe til med sin versjon før det heile blir eit psykosomatisk tapsprosjekt som bygg han eller ho ned psykisk og profesjonelt dag for dag, gåande i uvisse som ein annan Josef K.

At læraren slepp til, er ikkje ein trussel mot eleven sitt rettsvern, men ein garantist for at leiinga får den kunnskapen dei treng for å gjere gode avgjerder i si aktivitetsplikt. Ein lærar som har handla irrasjonelt og krenkande mot ein elev, vil som regel «avsløre» seg sjølv i møte med leiinga. Det å gje læraren lovpålagt rett til kontradiksjon kan slå ut alle vegar, men på eit styrka og meir sannferdig kunnskapsgrunnlag enn eleven sine utsegner aleine.

Mitt bodskap er det same som eg til kjedsommelegheit har hatt tidlegare, om ein legg til dei to siste setningane i denne teksten min til «mobbeparagrafen», vil rettstryggleiken til læraren bli styrka, og det utan at eleven sin rettstryggleik blir svekka. Det er ikkje verre, og fram til dess har vi eit yrke der vi er lågthengande frukt som litt for enkelt kan bli stempla som rotne eple.

Utkastet til ny «krenkeparagraf er som følgjer: «§ 12-4 Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt) Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev med til dømes mobbing, vald, diskriminering eller trakassering. Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal snarast undersøkje saka. Rektor skal melde frå til kommunen og fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.

Når ein elev seier at ho eller han ikkje har det trygt og godt, skal skolen snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Det same gjeld når ei undersøking som skolen sjølv har sett i gang, viser at ein elev ikkje har det trygt og godt. Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.»

Legg til dette, og vi kan få ein langt meir lovleg og rettvis praksis enn det vi har i dag:

«Skulen er pliktig til snarast å hente inn informasjon og gjere seg kjend med framstillinga til alle som er ein del av eller vitne til den påstått kritikkverdige situasjonen. Alle som får retta skuldingar mot seg, har rett til å høyre innhaldet i klagen og få fortelje sin versjon av kva som skal ha skjedd.»

Powered by Labrador CMS