Dagens opplæringslov undergrev lærarane, skueleiinga og føremålet med skulen i seg sjølv, skriv Claus Røynesdal.

Kapittel 9a i opplæringslova avskiltar læraren som profesjonell yrkesutøvar

Debatt: Stortinget har gjort seg sjølve ein bjørneteneste med gjeldande kapittel 9a.

Publisert Sist oppdatert

Det var med stor undring eg las kronikken «Opplæringsloven og lærernes rettssikkerhet» i Utdanning nr. 14/2020. Den er skriven av Grethe Hovde Parr, utdanningsdirektør hjå Fylkesmannen (Statsforvaltaren) i Oslo og Viken, og seksjonssjef same stad, Anita Rolland Fuglesang. Deira hovudpoeng er at rektor og lærar ikkje har grunn til å føle seg rettslause og at det ikkje er opplæringslovas kapittel 9a det er noko i vegen med. Problemet er skulane si praktisering av lova, skriv dei. Eg er sterkt ueinig i dette.

Les også: Opplæringsloven og lærernes rettssikkerhet

Slik lova er no, undergrev den lærarane, skuleleiinga og føremålet med skulen i seg sjølv. Lova set lærarane til side som profesjonelle yrkesutøvarar. Det er gode intensjonar med lova, men gode intensjonar gir ikkje alltid gode resultat. Som pedagog ser eg behovet for å styrke elevane sin tryggleik. Som forvaltningshistorikar veit eg samstundes at det er ikkje alltid lovene våre dekkjer alle føremåla, og at lover også kan ha utilsikta negative konsekvensar. Slik er tilfellet diverre her.

Dei fleste er nok einige i behovet for å styrke elevane sin tryggleik, altså at alle elevane skal ha ein trygg og god skulekvardag, fri frå krenking og negative opplevingar. Noreg har ratifisert FN sin barnekonvensjon. I førearbeida til kapittel 9a vert det difor slege fast at barnet har rett til å gje utrykk for sine synspunkt i saker som gjeld barnet, og at barnet sitt synspunkt vert sterkt vektlagt i samsvar med barnet sin alder og mogenskap. I merknadene frå Prop. 57 L( 2016-17) går ein lenger enn barnekonvensjonen. Her vert eleven si subjektive oppleving lagt til grunn. Altså er det eleven si subjektive oppleving av situasjonen som er avgjerande.

Den subjektive opplevinga til eleven blir objektiv sanning.

I utgangspunktet er det sjølvsagt at det er eleven som kjenner seg sjølv best og si oppleving av situasjonen. Problemet er at dette prinsippet i praksis set lærarane som profesjonell yrkesgruppe til side. I arbeidslivet elles er det arkitekten, legen, ingeniøren, ergoterapeuten, fysioterapeuten, psykologen eller tannlegen si faglege vurdering og skjønn som ligg til grunn for avgjersle og tiltak – i dialog, samhandling og helst i forståing med brukaren. Slik er det ikkje i skulen med kapittel 9a. Her kan dei faglege vurderingane til skuleleiinga og lærarane bli sett strek over. Den subjektive opplevinga til eleven blir objektiv sanning. Dette bryt mot all anna lovforvaltning fordi eleven (og føresette) har fått vetorett.

Lova pålegg at skulen undersøkjer om det fin stad krenking. Men sjølv om ingen observasjonar og undersøkingar fin at det skjer krenking, skal vi altså lage ein handlingsplan med tiltak på bakgrunn av funna, sjølv om det ikkje er dokumentert nokre funn. Det kan vere krenking. Men det kan også vere at det ikkje er det, at det «berre» er den sosiale slipinga vi alle må gjennom i oppveksten. Nokre av dei utfordringane elev og føresette kan meine å høyre heime i ein 9a-sak, vil til dømes mange fagfolk seie høyrer til det å sosialiserast i samhandling med andre, vekse opp og tole litt av livets naturlege motstand.

Vi møter eit nytt paradoks i Utdanningsdirektoratet sin tolkingsuttale om føresette sin rett til informasjon og deltaking i skulemiljøsaker (Udirir 04.12.2018). Under avsnittet «Særlig om rett til deltakelse i møtevirksomhet for å utarbeide aktivitetsplaner» heiter det:

«I tråd med barneloven § 30 og rundskriv F-036- 98 vil foreldre i kraft av foreldreansvaret kunne ha rett til å være med på møtevirksomhet for å finn egnede tiltak for barna sine aktivitetsplaner etter oppll. § 9A-4 sjette ledd. Vi understreker imidlertid at selv om en forelder med foreldreansvar har rett til å delta på et slikt møte, må hensynet til barnets beste være grunnleggende for skolen når skolen skal fastsette hvilke tiltak som kan sies å være egnet, jf. oppll. § 9A-4 fjerde, femte og sjette ledd. Dersom forslagene til den ene forelderen etter en konkret helhetsvurdering ikke ivaretar hensynet til barnets beste, vil skolen ikke kunne tillegge denne forelderens mening noen særlig vekt». (Min kursivering).

Altså: Eg kan som rektor, etter min og lærarar sin konkrete heilskaplege vurdering, setje strek over ein vaksen forelder sine synspunkt og ikkje leggje noko vekt på forelderen si vurdering og meining. Men: Den subjektive opplevinga til eit barn blir ståande som objektiv sanning, uavhengig av kva lærar, rektor, pedagogisk-psykologisk teneste eller andre relevante fagaktørar måtte meine om saka. Det går ei særs viktig grense mellom barnekonvensjonen sitt krav om å lytte til og vektleggje barnet sitt synspunkt i tråd med barnets alder og mogenskap, og det å gje barnet full vetorett.

På fleire område står lova på leirgrunn. Eit døme er i saker med omsorgssvikt. Vald, rus og overgrep gir dårlege føresetnader for at barn og ungdom skal trivast, både på skulen og i livet elles. Med 9a kan du projisere dette på skulen, snu situasjonen på hovudet, gjere verknad til årsak og rette bakar for smed. Symptoma ser vi på skulen, medan årsaka til mistrivnad ligg på heimebana. Uavhengig av utfall av ei pågåande sak hjå barnevernet, vil skulen måtte lage ein handlingsplan som skal imøtekomme barnet og dermed føresette sine ynskje og behov.

Eit anna døme er at du ikkje treng å ha ei barnevernssak for å «lage» din eigen «privatskule» i skulen. Du og barnet ditt kan subjektivt definere skulekvardagen slik at det er mistrivnad ved å syne til kapittel 9a. Dermed kan du tvinge læraren inn i rolla som «personleg pedagogisk trenar» for din elev. Uavhengig om det er mange andre elevar i klassen som treng særskilt omsorg og ekstra tilrettelegging, kan du krevje tilpassing, oppfylging og tiltak som er skreddarsydd for ditt barn – og dine ynskje og behov. Vetoretten gir deg i praksis heimel til det.

Skulen står då i ein utmattande «Kafka-prosess». Det er ikkje mykje som skal til for å få eit vedtak frå Statsforvaltaren om at skulen ikkje har oppfylt pliktene sine. Skuleeigar kan ende opp med tvangsmulkt, og då ligg vegen endå meir open for ei erstatningsrettssak i framtida. I verste fall kan ein slik prosess mot kommunen også vere økonomisk motivert. I beste meining opnar lova for misbruk. Lova opnar også for å vri ressursar i feil retning, slik at det går ut over det fellesskapet som skal fungere for at alle elevane skal få det best mogleg på skulen.

Både leiinga og dei tilsette på skulane må sjølvsagt ta høgde for at elevar blir krenka, og at mange elevar ikkje trivst på skulen. Her har alle skulane ein kontinuerleg viktig jobb å gjere. Men det er ikkje 100 prosent sikkert at alle 9a-saker er 9a-saker. Til liks med mange andre lover finst det svakheiter og utilsikta negative konsekvensar. Ein konsekvens med kapittel 9a er at lova set strek over læraren si profesjonelle yrkesutøving. Stortinget har gjort seg sjølv ein bjørneteneste med gjeldande kapittel 9a. Det er eit farleg misgrep som må rettast opp.

Powered by Labrador CMS