Politiet vil ha ei normal feiring av 17. mai. Bilde frå Ålesund i 2016. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Politiet vil ha normal 17. mai-feiring

– Det norske politi tilrår at vi feirar 17. mai på normalt vis. Risikovurderingane frå PST gir ikkje grunnlag for å tilrå noko anna, seier politimeister Ingar Bøen til Utdanningsnytt.

Publisert

Bøen er politimeister i Sunnmøre politidistrikt. Meteorologane spår at sunnmøringane kjem til å bli vinnarane av 17. mai-lotteriet i år og få det finaste 17. mai-vêret.

 

– Media trigger

Finver, og med det stor oppslutnad om 17. mai, uroar ikkje politimeister Ingar Bøen, trass i at 17. mai og terrortruslar nå er blitt nemnd saman.

– Nei. Trusselen er at media blir så opptekne av terrortruslar at det kan trigge utsette individ til å gå ut og gjere uheldige ting, seier han.

– Har urolege folk tatt kontakt før 17. mai?

– Ikkje det eg veit, seier Ingar Bøen.

 

– Politiet er synleg

Heller ikkje leiar i 17. mai-komiteen i Ålesund, Cathrine Drevik Ekrem, er blitt kontakta av folk som er uvisse på om det er trygt å feire 17. mai.

– Nei, det er berre du og Sunnmørsposten som har ringt og spurt om det, seier ho.

– Er det bra eller naivt å ikkje vere uroleg?

– Det er bra! Vi kan ikkje ta truslar inn i liva våre, seier Cathrine Drevik Ekrem.

Også frå Oslo-politiet blir vi oppfordra til å feire 17. mai som vanleg.

– Politiet vil vere til stades, både synleg og ikkje synleg. Vi gjer vårt. God feiring! seier pressesjef Unni Grøndal.

 

Powered by Labrador CMS