Yrkesfagelevar skal ha praksis i utlandet

Ti yrkesfagelevar frå Odda vidaregåande skal på praksis i utlandet.

Det er ikkje vanleg at norske yrkesfagelevar reiser på praksis i utlandet. Men rektor Øyvind Bjørkevoll ved Odda Vidaregåande skule seier til NRK at han har mange søknader til dei ti plassane skolen har.

Elevar som har vore på utveksling tidlegare skryt av opphaldet, ifølgje rektor. Av utbyttet elevane får trekk han særleg fram at dei får sett korleis arbeidslivet fungerer i eit anna land.

I EU er det eit mål at 6 prosent av yrkesfagelevane får to veker praksis i utlandet.

Powered by Labrador CMS