Ein læreplan er og skal vere ei rekke gode påbod, som gjev rom for profesjonelt og fagleg skjønn innanfor felles rammer, skriv Roar Ulvestad. Ill.foto: Paal Svendsen
Ein læreplan er og skal vere ei rekke gode påbod, som gjev rom for profesjonelt og fagleg skjønn innanfor felles rammer, skriv Roar Ulvestad. Ill.foto: Paal Svendsen

Fagfornyinga kan styrke litteraturen i skulen

Etter at utkasta til kjerneelementer i norskfaget blei lagt ut til høyring, har eg følgt nøye med på reaksjonane. Hovudsignalet er at det har vore gjort eit godt arbeid, som gjev fornuftige føringar for norskfaget.

Publisert

Nokre av dei negative reaksjonane vitnar om at premissa for fagfornyinga kanskje er dårleg forstått, andre er kanskje legitime reaksjonar på at kjerneelementa i for liten grad får fram poenga sine på ein tydeleg måte i eit klarspråksperspektiv.

Ikkje minst er nokre av reaksjonane basert på ei god lesing av kjerneelementa og ei grunnleggande usemje med dei prioriteringane som er gjort.

 

Det er særleg bortfallet av ein systematisk litteraturhistorie og mindre fokus på eldre språkhistorie som er tungt å svelge. Det er eit tankekors at då eg sjølv tok eit årsstudium i nordisk ved Høgskulen I Volda for over ti år sidan, var norrønt teke vekk frå fagplanen. Det er dermed ikkje heilt sjokkerande nyhende dette for den som har følgt med i timen. Denne delen av skulefaget har vore nedprioritert frå og med innføringa av LK06.

Dei som saknar den systematiske litteraturhistoria vil heller ikkje finne den tydeleg i gjeldande planverk. Mykje av det som blir reagert på er vekk, har allereie vore vekk eller vore heilt marginalt til stades i læreplanen i over ti år.

Nokre premiss må vi ha i botn for å kunne vurdere det som skjer no på ein etterretteleg måte. «Fagfornyingen» er ein revisjon av Kunnskapsløftet (LK06), det er ikkje ei utskifting. Med LK06 har vi forlete læreplanar med lister over føretrekte litterære verk og prioriterte forfattarar, og vi må halde fram med å forholda oss til en kompetansemålsbasert læreplan.

Utforminga av faglege kjerneelement er vidare underkasta den reviderte «Generell del av læreplanen», som no er «Overordnet del av læreplanen». Det var ei målsetjing med denne nyskrivinga at Overordna del skulle bli eit styrka mellomledd mellom Opplæringslov med formålsparagraf og det øvrige planverket.

 

Eit av dei heilt konkrete tiltaka var å utforme tre fagovergripande tema, som er kort forklart i Overordnet del: «Demokrati og medborgerskap», «Folkehelse og livsmestring» og «Bærekraftig utvikling». Vi som sat i arbeidsgrupper i dei ulike faga som forma ut faglege kjerneelement vart og utfordra på å tydeleggjere kva «vårt» fag kan yte inn i desse tre temaa, på ein måte som er naturleg for faga. Det fylgjande er ikkje ei autoritativ framlegging av kva som ligg i norskgruppa si tilnærming til fagovergripande tema, men får bli ståande som mi eiga velvillige lesing av kva som er mogleg å få til med desse temaa som utfordringar for faget. Ein læreplan er og skal vere ei rekke gode påbod, som gjev rom for profesjonelt og fagleg skjønn innanfor felles rammer.

Eit lite bakteppe for poeng som kjem seinare: det er ingen tvil om at LK06 medfører eit brot på ein tradisjon der vi faktisk kviler på tradisjonen når vi skal velgje litteratur og tekster for elevane våre. Vi har tradisjonelt ikkje trengt å legitimere vala våre, og sjølv i og med LK06 sitt «frislepp» av den profesjonelle dømmekraft er det nok av lærebokforlag som vil ta desse vala for oss. Vi blir liksom aldri kvitt denne kanonen og alle listene over tekstar som nokre har bestemt seg for å gje æva som utløpsdato.

 

Siri Hovda Ottesen og Aasfrid Tysvær har tatt temperaturen på litteraturen på mellomtrinnet, og det er heller ikkje lystig. Eller kanskje det er for lystig. I artikkelen «Skjønnlitteratur for kosen» (Norsklæraren 4/2017) står det mellom anna: «Når læreren drøfter hvilken litteratur de velger for den enkelte og for alle, og hvordan og hvorfor de arbeider med skjønnlitteraturen, melder lærerne at skjønnlitteraturen kommer i skyggen av arbeidet med fagtekster og at de mangler verktøy i opplæring i skjønnlitterær lesing»(s.54). Dei skisserer i artikkelen ein varierande praksis, som tenderer mot det ein kaller «privatiserte leseopplevingar». Litterær samtale som didaktisk metode er svakt utvikla, og litteratur er koselitteratur som ein har det kjekt med utan å gjere noko særleg ut av. Det er vel og bra, men då blir og grensene mot privatlivet sine lesevaner heilt utviska, og litteraturen får ein kanskje tynnare nervetråd til faget sitt danningsoppdrag enn den burde ha.
Eg vil hevde at med denne revisjonen av LK06 som no skjer, vil litteraturen si rolle og funksjon i skulen vil kunne bli styrka. Litteraturen kan vere ufarleg kos med den kan og vere farleg ubehag, som utvidar kunnskapane våre, engasjerer fantasien og utviklar dømmekraft, både kritisk, estetisk og menneskeleg. Dette vil eg hevde fordi litteraturen er gjeven ei særleg rolle I dei tre ulike fagovergripande temaa.

I teamet Demokrati og medborgerskap står det at:
«Gjennom arbeid med norskfaget utvikler elevene muntlige og skriftlige retoriske ferdigheter for å delta i samfunnsdebatten. De utvikler også kompetanse i kritisk vurdering av tekst. Dette er viktig å for å holde seg informert og gjøre seg opp egne meninger.» No meiner eg at det er for ambisiøst å skrive «delta». Alle skal «skjønne» best og mest mogleg av det offentlege ordskifte, men det betyr ikkje at alle på død og liv skal delta. For å realisere dette temaet er sjølvsagt sakprosa sentralt, men ein kompetent lærar kan orientere seg i store mengder av både kanonisert og ikkje-kanonisert litteratur som kan gje styrka forståing for demokratiet som samfunnsprinsipp og historisk røyndom. Vi har tallause skildringar å ta av for å lære elevane om kampen for likestilling, likeverd og medbestemming. Å jobbe med dette temaet er å jobbe med historiske liner og mangfald av kilder og skildringar.

 

Det fagovergripande temaet «Folkehelse og livsmestring» inneber og retning for medvitne litteraturval. Her står det at «gjennom arbeid med norskfaget utvikler elevene evnen til å uttrykke seg skriftlig og muntlig. Dette gir grunnlag for å kunne gi uttrykk for egne følelser, erfaringer og meninger, noe som er viktig for psykisk helse og livsmestring. Gjennom arbeid med skjønnlitteratur utvikler elevene empatiske evner slik at de lettere kan sette seg inn i andre menneskers livssituasjon, tanker og handlinger.» Dette temaet har ei sterkare individorientering, og gjennom litteraturen kan vi arbeide både med moralitet og sjølvrespekt. I litteraturen sine inderlege uttrykk der vi får tilgang på andre menneske sine tankar og kjensler blir vi rykka ut av vår eigen sedvane og tendensar til stivna sjeleliv.

I det fagovergripande temaet «Bærekraftig utvikling» står det at «Gjennom arbeid med språk og litteratur i norskfaget utvikler elevene forståelse for samspillet mellom mennesket og dets livsbetingelser. Gjennom fagets tekstmangfold, kritisk lesing og dialog kan elevene utvikle respekt for det å være annerledes og lære å samhandle, virke og utfolde seg i et variert miljø.» Litteraturen er her dermed framheva som ei grunnleggande kjelde til å byggje forståing for det ukjende og dermed styrke den sosiale bærekraft. Martha Nussbaum, berømt litteraturforskar, hevdar at litteraturen kan hjelpe oss til å overvinne den predisposisjonen vi har for å føle avsky og frykt for det som skil seg frå oss sjølv. Å bli kjend med det menneskelege mangfald i samtid og fortid kan styrke toleranse og skape eit utvida «vi». Mogleg at det trengs i dag.

Totalt sett utfordrar desse fagovergripande temaa oss til å velgje relevante tekstar og litteratur frå det vi har av nye og gamle sjangrar, som kan gje elevane ei styrka forståing både av samtid og historisk bakgrunn for at vi er der vi er i dag. Planen er og i tråd med Wolfgang Klafki sin ide om å ta utgangspunkt i store og aktuelle samfunnsspørsmål for å skape fagleg samanheng, heilskap og styrka forståing.

 

Akilleshælen til denne modellen er den læraren den har som føresetnad. Den nye planen føreset ein lærar som har høg kompetanse i å lese og tolke læreplan. Den føreset ein belest lærar som har god oversikt over historisk og samtidig litteratur. Den føreset ein lærar som har ei stor verktøykasse av didaktiske verktøy. Den føreset ein lærar som har rom til å bruke si eiga dømmekraft, og som har litteratur og tekstressursar til å verkeleggjere vala sine. Om vi skal vere ærlege, er det kanskje ikkje sånne lærarar over alt, og i alle klasserom. Eg er likevel trygg på at majoriteten av norsklærarar har desse kvalitetane, og ser seg sjølv i eit livslangt læringsprosjekt der dei har ei spørjande haldning til kva som best kan gagne eleven. Eg kjenner flest sånne. Er det berre fordi eg er heldig?

Mange av dei som kritiserer det siste utkastet til å vere for lite forpliktande, viser eigentleg skepsis til lærarkompetansen som skal realisere planverket. Eg trur vi er gode nok. Vi treng berre å bli meir rampete på elevane sine vegne. Alle dei som vil legge læraren sitt profesjonelle skjønn i rør med nøye uttenkte innhaldslister: husk at tillit ikkje er ein premie, men eit middel til auka og styrka sjølvforvaltning og identifikasjon med det du held på med. Gjennom å få bruke eigen dømmekraft, utviklar vi eigen dømmekraft, slik at vi i større og større grad kan stå inne for dei vala vi tek i det faglege møtet med elevane våre.