Me kan ikkje laga gull av gråstein!

Debatt: Skulesektoren er underfinansiert i svært mange kommunar og får tildelt heilt urealistiske budsjett.

Publisert

I mange norske kommunar er ein i gang med det krevjande arbeidet det er å få i hamn eit budsjett for 2021 og ein økonomiplan for åra som ligg føre oss. Rådmennene skal prøva å legga fram eit forslag til budsjett som skal syta for at du og eg får ein god barnehage til borna våre, ein skule som greier å stetta heile samfunnsmandatet sitt og hjelp og pleie til dei som møter utfordringar i livet.

For ein lokalpolitikar som bruker fritida si på eit verv i lokalpolitikken, er dette eit enormt ansvar og ei svært krevjande oppgåve. Det som er den vanskelegaste oppgåva, er å balansera alle forventingane hos innbyggarane og samstundes ivareta alle delane av den unike velferdsstaten me har i dette landet. Likevel må me ha tillit til at dette vert gjort med eit heilskapleg blikk.

Det er med stor uro me får meldingar om at midlar regjeringa seier er tildelt kommunane, ikkje ser ut til å ha kome fram dit dei var tenkt og der dei trengs; ute på den enkelte skule og i det enkelte klasserom. Det gjeld no i koronasituasjonen, men me har sett det før, mellom anna då kommunane fekk midlar som skulle gå til tidleg innsats. At midlar som er fordelt av Stortinget til eit gitt føremål vert nytta til det det skal, høyrest sjølvsagt ut, men det er diverre ikkje det. Den lokale handlefridomen kommunane har, må ta skulda for det. Og det er ikkje slik at grunnen til at pengane vert nytta til andre føremål enn skule, er at denne sektoren ikkje treng desse midlane. Skulesektoren er underfinansiert i svært mange kommunar og får tildelt heilt urealistiske budsjett.

Det kan ein mellom anna sjekka ved å samanlikna det Kostra kallar «forventa utgiftbehov» for dei ulike sektorane med det GSI viser at kommunen har brukt. Då vil ein ofte finna tal som tyder på at skulesektoren finansierer deler av helsesektoren. Då har me ikkje ei fordeling av ressursane til dei to store sektorane i norske kommunar som er i trå med det ansvaret sektorane har fått. Dette er noko lokalpolitikarar over heile landet bør etterspør. Fine ord og lovnader er bra, men hjelper lite i drifta av ein skule!

Urealistiske økonomiske rammer

Det er ikkje berre Covid-19 som gjer at kommuneøkonomien er skral. Våre tillitsvalde har i fleire år meldt frå om kutt som gjer det svært krevjande å driva skule på ein forsvarleg måte. Rektorar vert sett i ein mest umogleg spagat når ein skal driva skule innanfor heilt urealistiske økonomiske rammer. Når me samstundes slit med rekruttering til læraryrket bør mange verta uroa!

Fine ord og lovnader er bra, men hjelper lite i drifta av ein skule!

Fleire politikarar har i det siste vore ute og snakka varmt om meir ressursar til skulen. Det er bra, men det må gjerast noko med både rammene skulen får tildelt og måten desse tildelingane vert gjort på. Viss ein ikkje tek tak i dette no, er eg redd me vil sjå fleire skulenedleggingar i åra som kjem. Det er ikkje meir å kutta i driftsbudsjettet mange stader!

Dei langsiktige konsekvensane av å ikkje satsa på skulen er dramatiske, det må me forventa at politikarane greier å sjå. Mange snakkar fint om inkludering, integrering, praktisk og variert undervisning med meir. Stadig nye oppgåver vert lagt til skulen.

I skulen er me klare til å ta dette oppdraget på alvor, men då må politikarane gi oss rammene.

Me kan mykje, men ikkje laga gull av gråstein!

Powered by Labrador CMS