Landslinjene i vidaregåande skal vurderast

Landslinjene i vidaregåande skule skal oppretthaldast i 2016. Men regjeringa vil vurdere ordninga etter erfaringar med fritt skolevalg.

Departementet ser ikkje behov for endringar i ordninga i denne omgangen, men vil vurdere dette nærmare etter at ein har gjort erfaringar med eit friare skolevalg på tvers av fylkesgrensene.

Målet for tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunar med landslinjer slik at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Tilskottet skal gå til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr.

Kapasiteten i skoleåret 2014–15 var på 1460 heilårsplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 86 prosent hausten 2014 og om lag 81,6 prosent våren 2015.

 

Ny landslinje på Rjukan

Det er oppretta ei ny landslinje for natur- og miljøfag ved Rjukan vidaregåande skule frå hausten 2015. Landslinja er oppretta med ein kapasitet på 30 elevar per trinn, totalt 90 elevplassar.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,2 millionar kroner i 2016, knytt til Vg1-tilbodet og til Vg2-tilbodet frå hausten 2016.

 

Fleire plassar på skiidrett

Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 650.000 kroner for å auke kapasiteten til landslinja i skiidrett ved Meråker vidaregåande skule med 20 elevplassar frå hausten 2016. Etter dette vil landslinja ha ein kapasitet på 90 elevar, mot dagens 70.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga til landslinjer med 2,9 millionar kroner.

 

Powered by Labrador CMS