Eg ønsker meg eit kvalitetsvurderingssystem som set eleven si læring i sentrum

Debatt: Kva skjer med tillitsreform og nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, Tonje Brenna?

Publisert

Tillitsreform og revisjon av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem er kanskje dei to største og viktigaste prosessane som er vedtekne i skulesektoren, og framleis veit vi lite om kva ny regjering og statsråd tenker om vegen vidare. Ein kan ikkje endre det eine utan å endre det andre. Som lærarar og tillitsvalde opplever vi høg grad av tillit i kvardagen, vi treng ikkje ein reform på haldning- eller kjenslenivå. Vi treng konkrete endringar på systemnivå, som er prega av styrka tillit.

Eg var med i kjerneelementgruppa for norskfaget. Eit hovudformål med dette arbeidet var å forenkle planen for å gje lærarane styrka autonomi og råderett over faget. Gjengangarspørsmålet frå Udir var difor «Kva skal ut?». Utan at noko går ut, endrar vi ikkje praksis i retning av meir tillit.

Det same spørsmålet må stillast i revisjonen av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Utan at noko faktisk går ut eller forenklast, får vi heller ingen tillitsreform. Noko må ut. Slik det er i dag, er det ein stor avstand mellom målsetjingane i læreplanen og måtane vi blir målt på. Det gjer at vi som lærarar arbeidar mot fleire kvalitetsforståingar. Ein kvalitetsforståing tufta på læreplanen, og ein kvalitetsforståing som er heilt fristilt frå nasjonal læreplan.

Les også: Hvilken kvalitet skal NKVS vurdere, og for hvem?

Desse ulike kvalitetsnivåa snakkar ikkje naudsynleg same språk. Det er vedteke ein revisjon av NKVS, og då må vi mellom anna, med grunnlag i viktige dokument som Ludvigsen-rapporten, lærarrollerapporten, fagfornyinga, sluttrapporten frå ekspertgruppa for skolebidrag samt ny opplæringslov, få eit kvalitetsvurderingssystem som heng betre i hop enn det lappeteppet vi har i dag, der dei ulike delane i altfor låg grad snakkar same språk.

It's a rat race, it's the human race.

Bob Marley

Eg ønsker meg eit kvalitetsvurderingssystem som set eleven si læring i sentrum, og som baserer seg på at alle elevar har faktisk ikkje same ytre vilkår for å lære. Dei delane av NKVS som gjer skulen til ein nasjonale konkurransearena der alle skal målast etter same lest, skaper meir tap enn meistring. Det er berre plass til nokre få på pallen, eller som Bob Marley song: «It's a rat race, it's the human race.»

Det er eit omfattande kunnskapsgrunnlag som trengs for å endre NKVS slik at det blir eit reelt samanhengande system, som er både læringsstøttande og tillitsgjevande i ein sånn grad at både leiarar, lærarar og elevar erfarer styrka myndiggjering. At vi treng eit kvalitetsvurderingssystem for å synleggjere kva vi får til og ikkje er sjølvsagt, men det må friskast opp ut med utgangspunkt i at vi minner oss sjølve på kva som er det viktigaste i skuleoppdraget: at fordringane i læreplan blir realiserte i demokratisk samspel mellom lærarar, elevar og leiing på den einskilde skule. Det blir av somme etterlyst ein ungdomsskulereform. Den er faktisk klar i form av ein ny læreplan som gjev tillit til lærarane. Eit oppdatert kvalitetsvurderingssystem vil gje oss styrka høve til å realisere den reforma som allereie ligg i fagfornyinga.

Dette store arbeidet er langt på overtid, og eg spør på vegne av oss alle i skulen: Kva skjer, og kva tenker de skal ut?

Powered by Labrador CMS