Det er ikkje nok å klappe på lærarane.
Gje dei nok ressursar til å gjera ein god jobb.

Debatt: Norsk skule er laga for A4-eleven.

Publisert Sist oppdatert

Eg er ingen forkjempar for heimeskule. At vi nokon gong skulle drive med det, har vel ingen tenkt skulle skje. Men så skjedde det, og vi sit at med ymse erfaringar. Personleg har eg ikkje prøvd det, men eg har barnebarn som no har hatt sine eigne foreldre som lærarar i fleire veker. Og det har vore både positivt og negativt, har eg fått med meg.

Negativt fordi foreldra ikkje er lærarar og ikkje har pedagogisk kompetanse. Negativt fordi foreldra skulle drive sitt eige heimekontor samstundes, passe ein barnehagegut og ta vare på ein baby. Dei skulle drifte hushaldninga, lage mat og vaske klede. Alt på ein gong. Ei ganske stor oppgåve!

Likevel har det vore mykje positivt! Foreldra har vore mykje meir involvert og blitt tvinga til å sette seg inn i skulearbeidet. Den digitale kompetansen har auka veldig hjå dei som ikkje hadde det frå før. Og eleven hadde plutseleg to vaksne «lærarar» til rådvelde, eller iallfall ein om gongen.

Ein heil vaksen for seg sjølv! Til vanleg er ein norsk elev van med å ha 1/15-dels lærar. Om han er heldig. Norma er 15 barn per vaksen i 1.-4. klasse, men det stemmer nok ikkje på svært mange skular.

På papiret kan nok skuleeigar, altså kommunen, vise til at jau då, vi oppfyller norma her hjå oss. Det skjer ved at deler elevtalet på pedagogtalet. Og vips, så får dei talet 15!

Det dei ikkje seier, er at mange av pedagogane driv med andre ting, med spesialundervisning, med administrative oppgåver, med for- og etterarbeid, med møte, med tilsyn osv. Det vil seie at i klasserommet hjå dei minste er det langt fleire enn 15 elevar pr pedagog. Om du spør på skulen eller i kommunen, vil dei dekke til dette og gje deg eit svevande svar. Spør du læraren til barnet ditt, vil han/ho kanskje ikkje våge å seie sanninga, fordi dei då er illojale mot arbeidsgjevaren. Burde vi ikkje fyrst og fremst vera lojale mot barna?

Burde vi ikkje fyrst og fremst vera lojale mot barna?

Om ein lærar hadde færre elevar, ville dei kunne fylgje opp tettare, gje raske tilbakemeldingar og vurderingar. Ikkje berre til dei som arbeider sakte og treng lang tid, men også til dei treng utfordringar på eit høgare nivå. Tilpassa undervisning heiter dette og alle elevar skal ha det. I den ideelle verda, altså!

Norsk skule er laga for A4-eleven. Alle som ikkje passar inn i denne boksen, vil på eit eller anna tidspunkt slite fordi skulen ikkje har ressursar nok til å lære bort i det tempoet som elevane treng. Dermed vil det alltid vera slik at det går for fort for nokon og for sakte for andre.

Som lærar møtte eg sjølvsagt dei som var akkurat passe modne, passe gamle, passe aktive, passe konsentrerte, passe interesserte, passe motiverte til at dei lærte og utvikla seg akkurat passe fort. Kanskje så mange som halve klassen var slik. Så hadde du dei som kunne kome lengre, som hadde eit ekstra driv, men som du ikkje rakk over på ein god nok måte. Og så dei som hang etter, som sikkert kjente på ulyst og nederlag mang ein gong. Difor er koronametoden betre på mange måtar fordi den vaksne hadde meir tid, du slapp å vente så lenge, du vart sett og høyrt. Du fekk forklaring tilpassa akkurat deg.

Alle som ikkje passar inn i A4-boksen, vil på eit eller anna tidspunkt slite fordi skulen ikkje har ressursar nok ...

Det er ganske vanvitig at skulen skal lide under mangel på ressursar. Det er framtida vi øydelegg for.

Eg kjenner ein nyutdanna lærar som arbeider i ein stor by i Norge. Ho er flink, entusiastisk, arbeidsvillig, blid og ivrig. Likevel kjenner ho seg ofte mislykka av den grunn at det er for mange i klassen, det manglar hjelp til barn som treng noko ekstra, nokon elevar har dårleg språk, nokon har utagerande oppførsel, nokon blir aldri sett.

Mange dyktige lærarar forsvinn ut av skulen fordi dei mest grunnleggjande ressursane ikkje strekk til. Sit du på ein kontor og arbeider med dokument, kan du legge bort det du ikkje får gjort i dag og ta det i morgon. Du kan ikkje gjera det same med barn.

Om heimeskulen skulle lære oss noko og føre noko godt med seg, må det vera at barn treng nok vaksne, meir tid, meir fokus, individuell tilpassing og tilstrekkeleg med ressursar. Det er ikkje nok å klappe for lærarane. Gje dei nok ressursar til å gjera ein god jobb.

Powered by Labrador CMS