Ny regjering

Mange trur at kunnskapsminister Jan Tore Sanner blir ny finansminister etter Siv Jensen.

Fleire peikar på Sanner som ny finansminister

Kunnskapsdepartementet må få ny leiar om spådomane om Jan Tore Sanner som ny finansminister slår til. Fleire politiske kommentatorar peiker på Henrik Asheim (H) som ny kunnskapsminister.

Publisert Sist oppdatert

Statsminister Erna Solberg (H) seier ifølgje NTB at ny regjering skal vere på plass innan slutten av månaden, men gjerne enda raskare. Mange av spekulasjonane om ministrane i den kommande regjeringa dreier seg om at Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner blir ny finansminister.

– Han er ein av dei mest erfarne politikarane Høgre har, så det er naturleg å spå han som ny finansminister, seier Tone Angell Jenssen, politisk kommentator i Nordlys, til Utdanning.

– Men Unge Høgre vil ikkje at Sanner skal halde fram som 1. nestleiar i Høgre. Også andre i partiet har etterlyst nye folk i leiinga. Gjer det Sanner uaktuell som finansminister?

Utdanning spør politisk kommentator Aslak Bonde.

Vel trygt

– Dette er tida for ein statsminister til å ta trygge val, seier Bonde.

– Når Erna Solberg til hausten skal ha gjennom statsbudsjettet, treng ho stabilitet og erfaring. Difor vel ho det sikre. Eg er ganske trygg på at ein spådom om Sanner som finansminister står sterkt, seier han.

Avisa VG har fleire anonyme kjelder både i regjeringa og i Høgre som peikar på Sanner som ny finansminister.

Hans Olav Syversen er outsider

Aftenposten trekk likevel fram Hans Olav Syversen som ein outsider til ministerposten. Det same gjer Hilde Øverbekk, politisk kommentator i Stavanger Aftenblad, Hilde overfor Utdanning.

– Han har leia finanskomiteen og er statssekretær ved Statsministerens kontor i dag, seier ho. Øvrebekk minner om skepsisen mot Sanner blant høgrefolk som eit argument for at han ikkje blir finansminister.

Politisk redaktør i Sunnmørsposten, Jan Erik Røsvik, er heller ikkje brennsikker på at Sanner skifter departement:

– Høgre vil truleg ha finansministeren. Men skole er så viktig for partiet at dei kan la røynde Sanner halde fram der, seier han.

Asheim trekt fram

Men om Sanner blir finansminister, kven blir da ny kunnskapsminister?

– Alle dei tre partia er sugne på det departementet. Men Høgre meiner nok dei har flest aksjar i den posten, seier Tone Angell Jensen i Nordlys.

Både ho, Bonde, Røsvik og Øvrebekk trekk fram Henrik Asheim som ein muleg ny kunnskapsminister frå Høgre. Asheim var vikar medan daverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen hadde foreldrepermisjon.

Også Aftenposten meiner Asheim bør vere aktuell for ein ministerpost. Han er av dei unge høgrepolitikarane som Solberg kan ønskje å gi statsrådserfaring, ifølgje avisa.

– Kva med Mathilde Tybring-Gjedde?

– Ho er ei veksande stjerne i Høgre. Men ho må vekse meir før ho blir statsråd, seier Aslak Bonde.

Grande kan gå til kunnskap

Men om Høgre gir frå seg Kunnskapsdepartementet, kven er da aktuell som statsråd?

– Kunnskapsdepartementet rangerer over Kulturdepartementet. Trine Skei Grande kan ha lyst til å bytte, seier Hilde Øvrebekk.

Aslak Bonde trekk og fram Grande.

– Tidlegare tok gjerne partileiarar ein liten ministerpost i ei samlingsregjering. Men nå ser vi at dei heller tar tunge postar, seier han.

Ny ministerpost for Abid Raja

Bonde gjer eit tankeeksperiment:

– Abid Raja og Sveinung Rotevatn knivar om å bli nestleiarar. Om Venstre-leiar Grande nå vel å ta ein av dei, båe eller ingen inn i regjeringa, vil bli tolka ut frå den striden. Men mange er skeptiske til Raja, seier Bonde og held fram:

– Kunnskapsdepartementet er alt delt, men kva om det vert delt annleis? Vi kunne fått ein statsråd for skole, barnehage og høgare utdanning, og ein for integrering. Den einaste posten der ingen ville finne Raja kontroversiell, er som integreringsminister, seier Aslak Bonde.

Grøvan

– Kva med Kristeleg Folkeparti? Hans Fredrik Grøvan har sikkert lyst til å bli kunnskapsminister?

– Det har han heilt sikkert. Og han har arbeidd både i grunnskolen og i høgskolesystemet. Dessutan la han seg midt mellom dei stridande partane i partiet hausten 2018, og er ein sterk kandidat, seier Aslak Bonde.

– På den andre sida gjer han ein god og viktig jobb som parlamentarisk leiar på Stortinget. Når Kristeleg Folkeparti blir ein del av ei mindretalsregjering, vil dette arbeidet bli viktigare og meir krevjande. Det kan vere eit argument for å halde Grøvan på Stortinget, seier Aslak Bonde.

Powered by Labrador CMS