Tyske skolar har fått truslar

11 skolar i Leipzig i Tyskland fekk i ni-tida i dag epostar med trugande innhald, melder avisa Leipziger Volkszeitung.

I epostane står det at ein utilrekneleg person trugar skolane med vald.
Også andre skolar i Tyskland skal ha fått slike epostar.
Politiet i Leipzig har sikra dei aktuelle skolebygningane, og meiner at dei har situasjonen under kontroll, melder avisa.