Drapet på læraren Peter Omare Mogusu vert nytta som argument for at lærarar skal få forsvare seg med våpen mot trugande elevar. Foto: Privat
Drapet på læraren Peter Omare Mogusu vert nytta som argument for at lærarar skal få forsvare seg med våpen mot trugande elevar. Foto: Privat

Lærarorganisasjon vil la lærarar ha våpen

Lærarar må få bere våpen for å verne seg mot elevar, krev lærarorganisasjonen Kenya Union of Post Primary Education Teachers (Kuppet).

Publisert

– Dersom elevar planlegg og gjennomfører drap på lærarane sine, vil det seie at ingen lærar er trygg på skulen. Den beste måten å verne dei på, er om styresmaktene let dei bere våpen, sa nestleiar Julius Korir etter drapet på ein ung lærar, skriv den kenyanske avisa The Daily Nation.

32-åringen Peter Omare Mogusu vart drepen 24. januar etter at han hadde undervist på eit kveldskurs. Ein av dei arresterte er elev ved skulen. Ifølgje politiet skal drapet skal ha skjedd etter at læraren tok frå han mobiltelefonen.