Kvinnelege lærarar fekk ordre om å sminke bruder

Indiske lærarar er ikkje ukjende med å bli pålagde andre oppgåver enn undervisning, som til dømes i samband med folketeljing.

Publisert Sist oppdatert

Men då 20 kvinnelege lærarar fekk beskjed om å sminke bruder i eit massebryllaup, var reaksjonane sterke.

– Slike pålegg er heilt uakseptable. Lærarar skal bli behandla med respekt og ikkje måtte gjere arbeid som ikkje er ein del av pliktene deira, sa Sushil Pandey, leiar for Uttar Pradesh Primary Teachers’ Association, ifølgje nettavisa Daijiworld.

– Eg har aldri brukt sminke sjølv, og eg kjenner ikkje eingong til det grunnleggjande i denne kunsten. Men dersom noko går gale, må eg ta følgjene, var reaksjonen frå ein av lærarane. Etter at saka vart spreidd på internett, vart ordren trekt tilbake, og saka vil bli granska, skriv avisa.

Har du lest denne?

Powered by Labrador CMS