Salsannonsen for skulen, der det står «Skulen er ofra, skulen er seld», vart lagt ut på annonsenettstaden Leboncoin.fr.

Foreldre la ut skulen til sals

Då det vart klart at skulestyret vurderer å leggje ned ein klasse, gjekk foreldra til ein noko uvanleg aksjon.

Publisert

Ved barneskulen Joseph Bocher i byen Cherbourg nord i Frankrike har skulestyresmaktene planar om å sløyfe ein av klassane ved skulestart til hausten. Foreldra svarte ved å leggje skulen ut til sals på nettet, skriv nettavisa France Bleu.

Ni klasserom, ein sovesal, to bibliotek og to kjøkken er noko av det det vert freista med i den fiktive annonsen, som rett nok er utan prisforslag. I annonsen vert interesserte oppmoda om å ta kontakt med skulestyresmaktene i Cherbourg.

Representantar for foreldra meiner klassenedlegginga vil innebere «å ofre framtida til barna og livet til nabolaget vårt».

 

Powered by Labrador CMS