Jentene på skoler med lav status og høg innvandring, tapar karakterkampen

Jenter i Sverige som går på skole i område med låg sosial status og høg innvandring får i gjennomsnitt dårlegare karakterar enn gutane i same område

Publisert Sist oppdatert

Det er den svenske avisa «Läraren» som skriver om dette.

Jentene får betre karakterar enn gutane, om vi ser på snittet for heile Sverige. Men ved halvparten av dei skolane som ligg i det som i Sverige blir kalt «skolar i utsette område» gjekk nesten seks av ti jenter, 57,1 prosent, ut av grunnskolen utan å ha gode nok karakterar til å kome inn på vidaregåande.

For gutane ved desse skolane var det 41,2 prosent som ikkje kom inn på vidaregåande med karakterane sine frå grunnskolen.

Ifølgje «Läraren» er språket ein viktig grunn til at desse jentene kjem dårleg ut. At jenter som gruppe er flinkare med språket er sett på som ein viktig grunn til at jentene har betre karakterar enn gutane når dei går ut av grunnskolen. Men dette gjeld ikkje i like stor grad i område der svensk ikkje er morsmålet.

LES: Sverige: Inflasjon i høge karakterar

For å vere kvalifiserte til vidaregåande opplæring må svenske grunnskoleelevane har stått i svensk eller svensk som andrespråk, engelsk, matematikk og minst fem andre fag for å gå yrkesfag. For å kome inn på studiespesialiserande må dei stå i svensk eller svensk som andrespråk, engelsk, matematikk og ti andre fag.

Powered by Labrador CMS