Artikkelen bygger på ei bacheloroppgåve om personalet i barnehagen og det å leggje til rette for ein god kvardag for dei særleg sensitive barna i barnehagen.
I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver står det at barna skal oppleve å bli forstått, respektert, bli sett og få den hjelp og støtte dei har behov for ut frå eigne føresetnadar (Utdanningsdirektoratet, 2017). «Barnehagen skal gi rom for barnas ulike føresetnader, perspektiv og erfaringar og bidra til at barna, i fellesskap med andre, utviklar eit positivt forhold til seg sjølve og tru på eigne evner» (Utdanningsdirektoratet, 2017). Særleg sensitive barn er eit lite kjent omgrep, og personalet kan ha vanskar med å legge merke til og følgje opp dei behov som er i denne barnegruppa.
Høgsensitivitet vert rekna som eit personlegdomstrekk og gjeld om lag kvart femte barn. Mange blir oppfatta som forsiktige og tilbaketrekte, mens ei lite gruppe blir oppfatta som utåtvende og spenningssøkande. Det er like mange gutar som jenter som er høgsensitive.
Kva er høgsensitivitet?
Aron (2017) beskriv høgsensitive barn som individ med medfødte tendensar til å tenke mykje før dei handlar og å registrere meir av omgjevnadane, samanlikna med individ som handlar impulsivt og tenkjer mindre over det som skjer. Sensitive individ, dette gjeld både barn og vaksne, er som regel oppvakte, intuitive, empatiske, samvitsfulle og forsiktige.
Aron (2017) viser til fire personlegdomstrekk for høgsensitivitet:
- Djuptgåande omarbeiding av sanseinntrykk
- Å ha lett for å bli overstimulert
- Å ha sterke emosjonelle reaksjonar samtidig som ein er spesielt empatisk
- Å vere sensitiv for subtile stimuli
Overstimulering
Djuptgåande omarbeiding av sanseinntrykk går ut på at ein som er høgsensitiv, fangar opp små detaljar og brukar lang tid på å reflektere og omarbeide inntrykk. Refleksjon skjer som regel umedvite, men ein kan sjå det igjen i dei djupe spørsmåla barnet stiller, om barnet brukar vanskelege ord for alderen, den humoristiske sansen, problem med å ta avgjerder eller å bruke lang tid på nye situasjonar, då barnet har behov for å tenke igjennom situasjonen før det eventuelt vel å gå inn i den. Alle særprega treng ikkje være til stades, men ein stor del av barna vil vise teikn på at dei tenker grundig over det som skjer. Blir det for mange sanseinntrykk, klarar kanskje ikkje barnet å omarbeide alt og vert overstimulert, noko som kan føre til apati, tilbaketrekking eller raserianfall (Svatun, 2017).
Eit høgsensitivt barn er mykje meir merksam på kva som skjer, både innvendig og utvendig. Dette gjer at dei vert mentalt slitne, noko som igjen kan føra til at barnet vert fysisk sliten. Å bli sliten, overstimulert og trøytt av inntrykk er det normale, men det skjer i større grad for høgsensitive barn. Overstimulering kan kome til uttrykk på ulike områder. Barnet kan ha store reaksjonar på smerte eller forandring, høge lydar kan opplevast som fysisk smerte, dei klagar over kulde, varme, våte klede, klede som klør og småstein i skoen. Ein kan oppleve at dei har behov for å leike stille eller å trekke seg tilbake (Aron, 2017).
Emosjonelle reaksjonar
Eit høgsensitivt individ har gjerne sterke emosjonelle reaksjonar, og dei er oftast svært empatiske. Særleg sensitive ban er meir engasjert i det som skjer, og dette gjer at dei har lettare for å hugse og observere viktige lærdommar. Empati har ei stor rolle, og dette i kombinasjon med sterke kjensler gir medkjensle og forståing (Aron, 2017). Empati er i følgje Malt (2015) evna til å setje seg inn i andre sine kjenslemessige reaksjonar og tilstandar. Dei kan peike ut hårfine nyansar i sosiale situasjoner.
Dei høgsensitive barna er merksame på subtile stimuli, som lukter, lydar og detaljer. Dei registrerer meir, men dette tyder ikkje nødvendigvis at dei har betre auge, øyre, smak- eller luktesans. Informasjonen blir stort sett grundig omarbeida av hjernen. Samtidig har høgsensitive personar raskare refleksar, som gjer at smerte og stimuli påverkar dei meir.
Ulike behov
Dei treng tid for å vurdera ein situasjon før dei tar sjansen eller kastar seg ut i noko. Her er eit klart behov for å trekkje seg tilbake om det skjer for mykje på ein gong, og tid til omarbeiding av alt som har skjedd. Fleirtalet treng ro og stillheit for å sortere alle stimuli som kjem i ein vanlig kvardag.
Samtidig er det ei mindre gruppe høgsensitive barn som har trong til å delta i aktivitetar med fart og spenning. Dei opnar alle sansane sine og søkjer gjerne mot det ukjente. Døme på dette er at dei liker å møte nye menneske og å prøve ut nye ting. Sjølv om dei kan verke svært utåtvende, har dei på same måte som fleirtalet behov for å trekkje seg tilbake og vere åleine. Ein utfordring her er korleis ein kan finne balansen mellom trong til aktivitet og trong for ro.
Barnehagekvardagen
Alle barn har behov for tryggleik og omsorg, men om eit sensitivt barn ikkje får tilfredsstilt behova sine, kan dei vere sårbare og utsette barn. Barnet kan bli stempla som vanskeleg eller nærtakande av vaksne i barnehagen eller andre barn. Vaksne vil kanskje ikkje klare å sjå potensialet eller barnets positive sider, noko som igjen vil påverke barnet sitt sjølvbilde (August, m.fl., 2016). Dersom ein klarer å ta omsyn til barnets personlegdomstrekk framfor å fokusere på diagnosar, vil dei sensitive trekka være lite merkbare i kvardagen. Då vil det særleg sensitive barnet tilpasse seg positivt og trivast (August, m.fl., 2016).
I barnehagen har dei særleg sensitive barna behov for å observere før dei avgjer om dei vil delta eller ikkje. Dei ser an situasjonen og førebur seg grundig på deltaking i ein situasjon. Etterpå blir det brukt mykje tid på å tenke igjennom og vurdere det som har skjedd. Denne prosesseringa er rotfesta i barnas nervesystem (August, m.fl., 2016). Knytt til leikesituasjonar står dette svært sentralt, og på denne måten kan dei oppdage om det er leikekameratar som er dominerande eller om det er barn som har det vanskeleg (August, m.fl., 2016).
Kvardagsaktiviteter
Dei bør delta på lik linje med andre barn i kvardagsaktiviteter, og dei har føresetnad for å klare seg godt. Lærar ein seg å forstå dei kjenslevare reaksjonane, kan både barnet sjølv og andre vise omsyn slik at barnet kan ha ei positiv tilpassing (August, m.fl., 2016). Særleg sensitive barn er ofte dei som først reagerer på støy. Kva påverknad støy gir, heng saman med om barnet opplever situasjonen som meiningsfull, trygg og handterbar. Er personane rundt merksame på at dei særleg sensitive barna har større behov for psykologisk støtte enn andre, samt støtte i å regulere kjenslene, kan dei særleg sensitive barna takle utfordringane godt (August, m.fl., 2016).
Strand (2015) skriv at alle ikkje treng å vere med på alt, og stiller spørsmål ved om ein kan gje dei særleg sensitive barna eit anna tilbod når det er store tilstellingar. Å lage små grupper kan vere lurt. Samtaler med foreldre og barnet, gjere avtaler på førehand kan vere lurt. Dette kan vere med på å gje barnet ein tryggleik, og barnet kjenner seg forstått. Eit særleg sensitivt barn vel gjerne bort aktivitetar, og då er det viktig at ein finn ein balanse mellom å la barnet bli utfordra og beskytta. Eit særleg sensitivt barn treng gjerne meir tid på førehand, og grundig forklaring før han eller ho vil gå ut i nye situasjonar og prøve nye aktivitetar. At barnet lærer å setje ord på kjenslene sine vil stå sentralt (Aron, 2017).
At det særleg sensitiv barnet følar at det meistrar forandring, står sentralt i barnehagekvardagen. I denne samanhengen vil det for eit særleg sensitivt barn være svært sentralt å skape smidige overgangar slik at barnet opplev dette på ein god måte, og her er oftast behov for kyndig hjelp frå vaksne i barnehagen. Ein overgang kan føre med seg kompliserte sanseopplevingar for eit særleg sensitivt barn (Aron, 2017).
Handtering
Overstimulering kan skuldast ein lang og spennande dag med mange impulsar og overgangar. Det er viktig at personalet lærer seg signaler på overstimulering, slik at dei kan møte barnet på best mogleg måte. Reaksjonane er svært individuelle, men vanleg er å protestere, sutre, irritasjon, bli opphissa, gni seg i auga eller nekte å ete, sjølv om barnet er svolten. Barnet vil ikkje alltid klare å fortsette utan pause (Aron, 2017), så det kan være heilt naudsynt for å hjelpe barnet vidare.
Det er viktig at vaksne kan bevare roen når barnet er som ute av kontroll, og prate rolig og vennlig til barnet. Å setje ord på og hjelpe barnet med å forstå sine eigne kjensler, er å hjelpe barnet med å forstå og finne kjelda til reaksjonen. Det viktigaste i ein slik situasjon vil vere at vaksne klarar å hente barnet inn igjen og få barnet til å roe seg ned. Barnet må møtast der det er (Aron, 2017).
Irettesetting
Innimellom vil det være behov for å korrigere, og her handlar det mykje om korleis den vaksne gjer det. Her må personalet finne ein god måte, då det særleg sensitive barnet tar korrigeringa som eit overordna bodskap om barnets verdi som menneske (Aron, 2017).
Trygge vaksne
Det sensitive barnet har eit meir påtrengande behov for tryggleik og vil verte meir påverka og avhengige av trygg kontakt til dei vaksne (August, m.fl., 2016). Opplevinga av tryggleik vil avhenge av det personlege forholdet mellom barnet og vaksne, men òg av kor rettferdig og godt barnet opplever at barnegruppa blir regulert av vaksne. I barnehagen vil det vere viktig at barnet kan være trygg på at vaksne regulerer samspelet sitt med barna på ein føreseieleg og rettferdig måte. Samtidig er det viktig at barnet opplever vaksne som lydhøyre i ein-til-ein-samspel (August, m.fl., 2016).
Intervju
For å kartlegge korleis personalet i barnehagen legg til rette for særleg sensitive barn vart det gjennomført intervju med tre pedagogar som arbeider i barnehage. Alle som vart intervjua, meiner at det ikkje er nok kunnskap om særleg sensitive barn, og dei hadde samstundes ei nokolunde lik oppfatning av kva åtferd som var typisk. Her vart sjenert og vare for sanseinntrykk nemnd.
Sensitive barn treng trygge vaksne, og at dei er avhengige av å ha vaksne nær. Barna brukar mykje tid på observasjon og trekk seg bort frå store folkemengder for å observere situasjonen. Dei opplever at barnet studerer vaksne og handlingane som dei utførar.
Tiltak
Alle som vart intervjua, var samde om å starte med små grupper og heller utvide etter kvart.
Førebuing var eit nøkkelord som gjekk igjen i alle intervjua. Overgangssituasjonar kan vere krevjande for eit særleg sensitivt barn og kan opplevast som kaotisk.
Mange kvardagsepisodar kan være vanskeleg, som at personalet skal gå heim, eller å gå inn etter at ein har vore ute, eller når ein skal ha ryddetid før ein skal ete.
Alle intervjupersonane var innom foreldresamarbeid, og det viktigaste er at ein får foreldra med seg på laget. Her vart det lagt vekt på at ein i samband med foreldra kan lage mål for barnet, slik at barnet på denne måten kan utvide grensene sine og utforde seg sjølv. Også viktigheita av å vite om det skjer noko i livet til barnet som kan påverke kvardagen.
I forhold til skjerming var det ulike måtar å sjå det på, og litt skjerming kan være naudsynt. Dei særleg sensitive barna må ikkje gå glipp av å være sosiale saman med dei andre barna. Barnet kan prøve å gå inn og ut av situasjonen og heller trekke seg tilbake om det blir for mykje. Det gir barna fleksibilitet, og slik kan dei observere og kome inn i situasjonen når dei er klare.
Vikarar kan gje ei ekstra utfording, men ikkje alltid då det er så avhengig av kven barnet er og kven den nye personen er. Det å ha nokre av dei fast tilsette der slik at dei kan sjå an og være i forkant når det trengs.
Vegen vidare
Som framtidig barnehagelærar vil eg ha fokus på at ein alltid skal møte alle barna der dei er, og prøve å finne kvifor det einskilde barnet i barnegruppa reagera eller handlar som det gjer.
Å førebu er eit sentralt element slik at barnet kan vite kva som skal skje, og at dette vil vere med på å gjere overgangssituasjonane mykje enklare, og kanskje til ein meir positiv setting. I tillegg til vaksne som hjelper barnet å handtere når det er overstimulert og treng hjelp til å roe ned og tid til å prosessere stimuli.
Blir fleire av dei som arbeidar i barnehagen bevisste på kor stort mangfaldet blant barna barnegruppa eigentleg er, vil ein enda enklare klare å møte dei einskilde.
- Rebecca Vihovde, student barnehagelærer, HVL
- Kirsten Flaten, dosent, HVL
Kjeldeliste
- Aron, Windt-Val, & Windt-Val, Benedicta. (2017). Særlig sensitive barn. Oslo: Cappelen Damm.
- August, L., Faye-Schøll, B., & August, Martin. (2016). Sensitive barn i pedagogisk arbeid: Fra sårbarhet til styrke. Oslo: Kommuneforl.
- Malt, U. (2015). Empati. Henta frå: https://snl.no/empati
- Strand, B. C. (2015). Det særlig sensitive barnet. Første steg, 14(4), 22-23. Henta frå:
- https://www.hsperson.no/wp-content/uploads/2017/01/Artikkel_Foerste_steg.pdf
- https://cld.bz/bookdata/beKUGat/basic-html/page-22.html
- Svatun, B. (2017). Høysensitive barn: i barnehagen og hjemme. Oslo: Kommuneforlaget
- Utdanningsdirektoratet. (2017) Rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver. Oslo: Utdanningsdirektoratet.