– Vi håper fleire vil bli lærarar. Særleg treng vi mange dyktige lærarar til dei yngste elevane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Arkivfoto: Utdanning

Regjeringa foreslår meir pengar til ettergiving av grunnskolelærarars studielån

Det skal også bli fleire studieplassar og forskingsstillingar, og vaksne i arbeidslivet skal få meir digital kompetanse.

I dag legg regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett.

– Vi skaper morgondagens jobbar gjennom satsing på kunnskap og forsking. Vi vil ha ein skole der elevane lærer enda meir av dyktige lærarar, og ein utdannings- og forskingssektor i verdsklasse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

 

Lærarar i nord får 20.000 kvart år

Regjeringa foreslår å innføre to nye ordningar som skal auke delen av lærarane i skolen som er kvalifiserte, og gjere det meir attraktivt å bli lærar.

Den eine ordninga er eit strakstiltak for Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms. Med denne ordninga kan kvalifiserte grunnskolelærarar få sletta 20.000 kroner av studielånet kvart år dei arbeidar i ein skole i regionen.

Det kjem i tillegg til den summen alle yrkesaktive i tiltakssona får ettergitt. Dermed vil kvalifiserte lærarar kunne få inntil 45.000 kroner av studielånet sletta per år. Ordninga skal vare fram til 2022, når den andre ettergivingsordninga begynner å få effekt. Dette for at dei to ordningane ikkje skal overlappe.

–  Dette er eit strakstiltak. I Nord-Noreg er betydeleg fleire av lærarane ufaglærde enn i resten av landet. Derfor tar vi grep for å få fleire kvalifiserte lærarar i regionen. Dyktige lærarar er det som har mest å seie for kor mykje elevane lærer, seier Røe Isaksen.    

 

Får dekt halve studielånet

Den andre ordninga vil dekke opptil 160.000 kroner av studielånet til dei som byrjar på femårig lærarutdanning hausten 2017 eller seinare, og som jobbar som lærar i minst tre år etter at dei er ferdige med utdanninga.

Regjeringa foreslår at ordninga blir tredelt:

  • Studentar som fullfører femårig lærarutdanning på normert tid, vil få sletta om lag 50 000 kroner.
  • Studentar som tar lærarutdanning for 1.-7.trinn på normert tid, vil i tillegg få sletta om lag 55 000 kroner.
  • Studentar som fullfører femårig lærarutdanning og tar jobb i Nordland, Troms eller Finnmark, får i tillegg sletta om lag 55 000 kroner. 

– Vi håper fleire vil bli lærarar. Særleg treng vi mange dyktige lærarar til dei yngste elevane. Som lærar i 1. til 7. klasse hjelper du elevane med å knekke lese- og reknekoden. Du er også med på å forme framtida deira, seier Røe Isaksen.

 

Powered by Labrador CMS