Regjeringa foreslår 6,4 millionar kroner til 60 nye studieplasser. Arkivfoto: Utdanning

Fleire studieplassar og forskingsstillingar

Regjeringa foreslår 6,4 millionar kroner til 60 nye studieplasser.

I dag legg regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett.

30 av desse er foreslått til Høgskolen i Molde, og desse skal leggjast til høgskolesenteret i Kristiansund. 30 plassar er foreslått til Høgskulen på Vestlandet, og desse skal leggjast til Florø. I tillegg vil Høgskolen i Innlandet få 1,5 millionar kroner til studietilbod i Virtual Reality. 

– Vi skal utdanne dyktige arbeidstakarar for framtida, og vi vil gi alle unge moglegheit til å studera same kva for sosial og økonomisk bakgrunn dei har. Derfor har denne regjeringa saman med Venstre og KrF oppretta til saman nær 2700 studieplassar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

 

Nye forskarstillingar på Gjøvik

Regjeringa foreslår også å løyve 1,6 millionar kroner til fire nye rekrutteringsstillingar ved Noregs teknisk-vitenskaplege universitet. Rekrutterings¬stillingane skal gå til Center for Cyber and Information Security (CCIS) på Gjøvik.

Frå før har regjeringa og samarbeidspartia oppretta 794 rekrutteringsstillingar i regjeringsperioden. 542 av desse er knytte til langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, og dette er fleire enn dei 500 nye stillingane som var målet i langtidsplanen. Rekrutteringsstillingar er stipendiat-stillingar og postdoktor-stillingar som er viktige for å rekruttere nye forskarar, og for å auke forskingsaktiviteten på prioriterte fagområde.

 

Betre digital kompetanse for vaksne

Regjeringa vil styrke ordninga Kompetansepluss arbeid med 17 millionar kroner, slik at det til saman går ut om lag 200 millionar kroner i 2017. Gjennom ordninga kan bedrifter søke om å gi tilsette opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Denne ekstraløyvinga skal gå særskilt til å styrke digitale ferdigheiter blant vaksne.

– Arbeidslivet blir stadig meir digitalisert. Skal vaksne stå lenge i jobb og takle omstillinga til ein meir IKT-basert arbeidskvardag, er det viktig at dei har gode nok digitale ferdigheiter. Derfor styrker vi tilbodet slik at fleire får den digitale kompetansen, seier kunnskapsministeren.

Powered by Labrador CMS