Glitrande, Utdanningsforbundet!

Det har vist seg i mange kommunar at vi ikkje kjem nokon veg med å fremje krav for skuleleiarane lokalt! Det er sentralt de må ta kampen for å skuleleiarlønnene, skriv innsendaren av dette debattinnlegget.

Utdanningsforbundet har vore gjennom tariffoppgjeret med justeringsforhandlingar. Ingenting til skuleleiarane! "Det er helt nødvendig å ha ekstra fokus på skolelederne under de lokale forhandlingene til høsten, " uttalar Helga Hjetland til Utdanningsforbundet sine nettsider.
Som om lokallaga ikkje har hatt fokus på skuleleiarane tidlegare.
 
Lokalt i Karmøy hadde vi krav for skuleleiarane ved dei preliminære lokale forhandlingane både i 2000 og i 2001. I 2000 fekk vi litt til nokre av rektorane, ingenting til undervisningsinspektørane.
 
I 2001 gjekk vi til brot i dei lokale forhandlingane fordi kommunen også dette året berre ville gje smular til skuleleiarane. Heller ikkje dette året fekk skuleleiarane noko i justeringsforhandlingane, og vi forsøkte utan hell å bruke dei lokale forhandlingane. Brotet blei behandla sentralt - arbeidsgivars siste tilbod blei gjeldande!
 
Og så skjer det i år igjen - fagforeininga vår sentralt toar sine hender og viser til dei lokale forhandlingane. Dette er ikkje godt nok, kjære Helga! Det har vist seg i mange kommunar at vi ikkje kjem nokon veg med å fremje krav for skuleleiarane lokalt - og det veit de sentralt så inderleg vel! Det er sentralt de må ta kampen for skuleleiarlønnene.
 
Utdanningsforbundet har fått forkorta lønnsstigane for lærarane og synest nøgde med det. I utgangspunktet kan ein vere einig med at vi bør korte stigane. Og det synest nok også staten - sidan det kostar lite. Det er no ein gong slik at svært mange lærarar har over 20 års lønnsansiennitet - desse lærarane må nøye seg med generelt tillegg og er garantert ikkje fornøgde med årets resultat.
 
Eg ventar spent på neste undersøking som viser lønnsnivået til norske lærarar samanlikna med lærarar elles i Europa. Eg er ikkje så sikker på at vi har komme på toppen akkurat.
 
Til hausten får vi full verknad av skulepakke 2. Dette og årets tariffoppgjer er ingen god start for mange lærarar og skuleleiarane, dessverre.
 

Powered by Labrador CMS