Verre enn grauten på Grut

Eg har stor sans for fagleg ordskifte. Finn-Erik Vinje, så vel som andre, har rett til å ytre seg. Men fagbladet vårt treng ikkje lenger tildele han ei eiga spalte. Det finst faktisk andre språkfolk som både har kunnskap og kan skrive, skriv innsendaren.

Publisert Sist oppdatert

Eg sukka letta då Finn-Erik Vinje og "Språkligheter" forsvann med det gamle Skolefokus. Endeleg skulle eg sleppe å finne jamlege spark og spitord mot språket og språksynet mitt i fagforeiningsbladet!
 
Gleda vart kortvarig. I haust var Vinje tilbake, etter minst seks støttebrev (Vinje, nr. 22, 2003). Viss det er slik at bladet vert redigert etter gallupmetoden, oppmodar eg hermed alle som har fått nok av Vinje, til å protestere!
 
Det er ikkje så enkelt som at vi berre kan late vere å lese spalta, slik Helga Bræin hevdar i nr. 1, 2004. Spørsmålet er om fagforeiningsbladet til lærarane skal halde seg med ein spaltist som i mange år har profilert seg som konservativ bokmålsmann og motstandar av sentrale deler av norskfaget, så som sidemålet ("den ørkesløse dobbeltopplæringen", nr. 20, 2003) og retten til å bruke radikale former i bokmål ("Vil man gjøre språket til en lydig tjener for innholdet og unngå at bøyningsformene pukker på oppmerksomhet for sin egen del, bør man være tilbakeholdende med denne a-formen", nr 2, 2004).
 
Også dialektbruken er Vinje ofte ute etter. Det hjelper ikkje at han danderer synspunkta sine med engelske, franske og latinske ord og uttrykk eller utstudert humor. Hoven - uviljen mot det folkelege - er heile tida merkande.
 
Ville Utdanning gje plass til ein spaltist som hamra laus på viktige sider ved andre fag? I kvart nummer? År ut og år inn?
 
Eg har stor sans for fagleg ordskifte. Vinje, så vel som andre, har rett til å ytre seg. Men fagbladet vårt treng ikkje lenger tildele han ei eiga spalte. Det finst faktisk andre språkfolk som både har kunnskap og kan skrive. Kvifor ikkje få ein eller fleire av dei til å take over etter Vinje?
 
Skulle det vise seg at også dei har ein språkpolitisk synsstad som skin igjennom i dei råda dei gir, så pass endeleg på at dei ivrar for nynorsk, samnorsk, radikalt bokmål eller noko anna som Vinje mislikar. Slik kan bladet vårt kome i balanse på sikt, som det så vakkert heiter.
 
Og så kan forfattarane få reklamere for bøkene sine like kokett som vår ven Vinje: "Var jeg ikke så proppet med pli og gode manerer, skulle jeg dessuten nevnt min egen "Moderne norsk" (nr. 2, 2004). Også i Skolefokus nr. 15, 2001 var han så "proppet av pli og gode manerer" at han får nemnt ei av bøkene sine, men ei anna, den gongen.
 
Ja, kva kan ein ikkje tillate seg, berre ein har gode manerar! Som han sjølv så treffande skriv i nr. 2: Dette "risper og rasper verre enn den grauten Vinje(!) fikk på Grut!"

Powered by Labrador CMS