Johanna Jaara Åstrand i Lärarförbundet.
Johanna Jaara Åstrand i Lärarförbundet.

Svenske lærarar vil slå seg saman

Ei rådgivande røysting blant medlemma i dei to svenske lærarorganisasjonane og organisasjonen for skoleleiarar ga stort fleirtal for å gå saman i ein organisasjon.

Publisert Sist oppdatert

I Lärarförbundet røysta 91 prosent for samanslåing, i Lärarnas Riksförbund sa 79 prosent ja, og blant skoleleiarane var ja-veljarane 88 prosent. Det er bladet «Läraren» som melder dette

Valdeltakinga var på 37 prosent for Lärarförbundet, 50 prosent for Lärarnas RIksförbund og 40,5 prosent for Sveriges Skolledare. Dette blir kalt høgt.

- Eg er letta og glad, seier Johanna Jaara Åstrand, leiar i Lärarförbundet til bladet Läraren.

Diskusjonen om samanslåing er gammal.

Leiar Åsa Fahlen i Lärarnas Riksförbund seier ho trur at i hennar organisasjon har redsle for å miste den tydelege røysta til Lärarnas Riksförbund vore viktig for skepsisen mot samanslåing. Ho trur og at det var viktig for valresultatet at det vart lagt fram eit dokument med forslag til retninga for den nye organisasjonen, og at det var dette dokumentet det vart røysta over.

Nå skal dei tre organisasjonane elte fram ein ny proposisjon om ein eventuell ny organisasjon som skal opp til diskusjon i mars.

Planen er at den nye organisasjonen skal vere med i Saco, Sveriges Akademiker, som har 940 000 medlem.

Powered by Labrador CMS