I fjor haust vann jordanske lærarar fram med krav om lønsauke etter protestar og streikar. No har styresmaktene slått hardt ned på lærarorganisasjonen JTS.

Jordanske styresmakter stengde lærarorganisasjon

Lærarorganisasjonen JTS får ikkje vere aktiv dei neste to åra, og fleire av leiarane vert etterforska.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag 25. juli gjekk jordanske tryggingsstyrkar til aksjon mot kontora til lærarorganisasjonen Jordans lærarsyndikat (JTS) og arresterte fleire av leiarane, melder nyhendeselskapet al-Jazeera, som held til i Qatar. Det skjedde etter at organisasjonen sin fungerande leiar Nasser Nawasreh kritiserte regjeringa for å gå bort frå ein avtale om mellom 35 og 75 prosent lønsauke for lærarar i år. Regjeringa seier at landet ikkje har råd på grunn av dei økonomiske følgjene av covid-19-pandemien. Avtalen kom i stand etter ein månad lang streik i fjor haust.

Ifølgje statlege jordanske medium har påtalemakta starta etterforsking mot 13 leiarar i organisasjonen for mellom anna økonomiske brotsverk.

Al-Jazeera skriv at politisk opposisjon ofte er marginalisert i Jordan, men at det dei siste åra har vore aukande protestar mot svekka levestandard, korrupsjon og at politiske reformer går sakte. Dei siste vekene er fleire aktivistar blitt arresterte, og opposisjonspolitikarar seier regjeringa nyttar strenge unntakslover som vart innførte i mars til å avgrense politiske rettar.

Powered by Labrador CMS