Eventyret om kjellarrotevesenet
Eg tek meg sjølv i stadig å "sukke" i det stille over dei borna (les foreldra) som aldri har orden på bøker, lekser og anna utstyr. Men det er nok på tide at vi ser på dei "stakkars" borna og foreldra sin kvardag litt meir nyansert.
No når den nest eldste av mine fire gull er godt i gang med skulegangen sin, er forståinga mi for "rotekoppane" i skulen i ferd med å endre seg. Min søte, vesle 8-åring gjer så godt han kan. Han har eit godt hovud reint fagleg sett, men å halde orden og oversikt verkar rett og slett umogleg for han.
Det verste av alt, er at det er ikkje viljen som gjer at han kjem til kort på dette feltet. Som utøvande pedagog i yrkeslivet, veit eg kor frustrerande det er både for læraren og barnet at han aldri har orden på tinga sine. Minst like frustrerande er det for meg som mor at han "surrar" slik. Eg er så lei av å stadig stå på hovudet og leite etter det han manglar, for til slutt å måtte skrive melding som konstaterer at sonen min manglar det eine eller det andre.
Dette enda med ei melding i "eventyrform" til kontaktlæraren hans no i haust. Der forklåra eg problema så godt eg kunne, og kom med ei løysing så vi alle kan slutte å bekymre oss for desse "forsvinningane".
Historia om det usynlege ”Kjellar-rote-vesenet” i Røynstrandsvegen
Det var ein gong eit rom i ein kjellar i eit hus i Røynstrandsvegen 20. På rommet budde ein gut. Det som gjer dette til ei spanande historie, er at guten hadde ein ”leigebuar”. Då guten flytta inn på rommet, visste verken han eller nokon annan i familien hans at det allereie budde nokon på rommet.
Det er heller ikkje heilt klårt akkurat kven eller kva det er som bur på dette rommet saman med guten. Ingen har nokon sinne sett vesenet.
Likevel er det ingen som tvilar på at det finnest der nede. Det har, gjennom dei siste åra, gjeve oss alle mange mysterium å grunne over.
Ting som ligg inne på dette rommet i den eine augneblinken er berre, på uforklårleg vis, sporlaust forsvunne i den andre! I byrjinga fekk guten skulda for å vere ein skikkeleg rotekopp!
Ein dag var det ei bibliotekbok som var borte, ein annan dag mangla vekeplanen, neste gong var det pennalhuset, så fotballshortsen, så meldeboka, Brumle sine klede, ja endå til sekken har vore borte. Slik kan ein halde fram å ramse opp ting som har forsvunne i det uendelege.
Kvar tinga vert av, er ikkje alltid like lett å gjere greie for når ein berre er åtte år gamal, og lettare vert det i alle fall ikkje når ein ikkje har ”vore borti det” ein gong!
Mamma sukkar og ber seg, og nokre gonger vert ho til og med sint på denne uryddige ungen sin. Guten, stakkar, freistar så godt han kan å forklåre at han ikkje kan skjøne kvar alle tinga vert av. Dei var jo der nett for ei lita stund sidan…
Det merkelege er at alt dukkar opp att, etter ei stund. Like brått og uforklåreleg som dei vert borte, berre er dei der att ein vakker dag. Som om ingenting skulle ha skjedd ligg dei der, rett for nasen på han!
Mamma skjeller og smeller og dreg seg i håret gong på gong over denne rotekoppen ho har fått av ein son!
No er det, omsider, slutt på skjelling, smelling og tynning av hårmanke. Denne gongen må mamma innsjå at det går føre seg noko som ikkje kan forklårast i kjellaren i Røynstrandsvegen 20.
Vendepunktet kom den første skuledagen i september.
Guten kom heim frå skulen og skulle sette seg til å gjere lekser. Det var då han oppdaga det: Matteboka. Kvar er matteboka? Ho var jo her nett om dagen…Guten leita.
Høgt og lågt. Mamma leita. Høgt og lågt.
Dei fann ”bokbindet” som mamma hadde streva og lagt på boka berre nokre dagar i førevegen. Det var tomt!? Dette går berre ikkje an!?
Alle heime i Røynstrandsvegen 20 er no klåre over situasjonen, og alle har augo og øyre opne for ei eventuell løysing av mysteriet med den forsvunne matteboka.
Mamma freistar så godt ho kan å trøyste sin fortvila son med at ”det dukkar jo alltid opp att!” Det er ikkje anna å gjere enn å ”ta tida til hjelp”.
Dersom læraren kan vere så venlege å forsyne denne stakkars, uskuldige guten med kopiar av dei sidene i boka som er lekse, så er ingen skade skjedd!?
Heldigvis har den stakkars guten ein hyggeleg og omsorgsfull kontaktlærar, som skjønar at det ikkje er så greitt å dele rom med eit usynleg ”kjellar-rote-vesen”.
Ho kopierer opp dei sidene guten manglar heilt til matteboka dukka opp att.
Så lever han lukkeleg resten av sine skuledagar, guten og ”kjellar-rote-vesenet” i Røynstrandsvegen 20.
Snipp snapp snute, så var eventyret ute.
Artikkelforfattaren er pedagogutdanna og yrkesaktiv firebarnsmor.