Dei faglege argumenta for å avlyse skriftleg eksamen er like gyldige for munnleg eksamen, skriv Roar Ulvestad.

Nei til munnleg eksamen basert på sirkelslutningar og gammal vane

Debatt: Skriftleg eksamen er avlyst, men regjeringa tvihold likevel på munnleg eksamen. Dette er fagleg risikosport!

Publisert

I ungdommen fekk eg høyre noko som vart ståande som eit udøyeleg sitat, frå ein jamaldrande fiskar i kommunen der eg vaks opp, på nordvestlandet: «Ej e so steikjandes glad for at ej likar majones, for de e so steikjandes gøtt.» Tilsvarande logikk får vi frå kunnskapsministeren når det vert insistert på at alle avgangselevar skal ha munnleg eksamen: «Vi tenker at det er en god ide, fordi vi tenker at det er en god ide». Billegare sirkelslutning skal du sjå lenge etter, det vil sannsynlegvis ikkje dukke opp i synsfeltet uansett synsevne, brilleglas og uthaldenheit.

Venstre er jo Høyre sin politiske blindtarm, og som kjent kan Høyre sitt totale kunnskap- og elevsyn samanfattast i eitt ord: eksamen. Alt som Høyre meiner, meiner Venstre, men med små polemiske variasjonar. Høyre liker eigentleg ikkje fagfornyinga, eg hugsar godt Torbjørn Røe Isaksen sin kamp for å etablere ein nasjonal kulturell kanon, for å kompensere for den metodefridommen som ligg i ein kompetansemålstyrt læreplan. Høyre har heile tida freista å halde bremsene på fagleg utvikling, og stritta mot radikale endringsframlegg. Ekspertutvala har kome haglande i Høyre si regjeringstid, dei har plukka kirsebær i vilden sky og galant oversett vektige faglege innspel. Det einaste eg har sett pris på frå den kanten, er at dei sette foten ned for Ludvigsen-utvalet sitt forslag om å klynge skulefaga saman i grupper, og dermed oppløyse dei historiske disiplinfaglege grensene. Den skal dokker få, men lite anna.

Eit av dei siste og grelle døma gjeld eksamen. Vi hadde ei breitt samansett gruppe som skulle sjå nærare på eksamen, og litt spissformulert kan ein kalle bestillinga dei fekk: «korleis kan vi endre på eksamen utan å endre på eksamen». Det er jobben sin det!

Denne eksamensgruppa kom med fagleg godt grunngjevne innspel for å modernisere og tilpasse eksamen til fagfornyinga og ein fagleg kvardag som har endra seg ein del sidan Nordahl Rolfsen gjekk i grava. Av forslaga deira kan listast opp: tverrfaglege eksamenar, langtidsoppgåver, mappevurdering og betre utnytting av det digitale: «Det kan føre til at det som til nå har vært definert som ren skriftlig eksamen, på sikt også vil kunne inneholde oppgaver der eleven kan vise kompetanse gjennom flere ferdigheter, som for eksempel lytting, tale, interaksjon, tegning og skriving.» Til sist såg gruppa på korleis ein kan styrke sambandet mellom omfang av opplæringa og prøvesituasjonen.

Viktige og kloke tankar, som kunne gjeve oss ei reell fornying av summativ vurdering, men regjeringa gjekk for majonesen, for det er den dei liker best, om det no er sunt eller ikkje. Dei turer på med å halde på sentralt gjeven skriftleg eksamen som det einaste saliggjerande og pålitelege: ein prøvesituasjon som for kvar reform vi får, blir endå fjernare frå opplæringssituasjonen. Det er greitt at Høyre er eit konservativt parti, men det er lov å henge litt med i svingane, og lytte til dei som kan litt meir om skule enn dei sjølve. At ein skal vere kunnskapsorientert, er til orientering ikkje å dyrke sin eigen kunnskap som den einaste rette.

Gje elevane ei sunn avrunding av ei opplæringa som har vore meir krevjande på tampen enn nokon kunne tenke seg for litt over eit år sidan.

Les også: Vil at alle elever i videregående skal ha avsluttende muntlig eksamen

No måtte skriftleg eksamen gå ut, ei so klok avgjerd at det er rett og slett ei overrasking. Likevel tviheld regjeringa, ved kunnskapsminister Melby, på munnleg eksamen. For alle avgangselevar. Hallo i luken! Dette er fagleg risikosport, ikkje berre ein smitterisiko. Dei faglege argumenta for å avlyse skriftleg eksamen er like gyldige for munnleg eksamen. Å køyre digitale løysingar vil ikkje gjere munnleg eksamen samanliknbar med «covid-fri» analog gjennomføring.

Ein del av munnleg eksamen, er å interagere med eleven, og trygge han eller ho i prøvesituasjonen. Det klarer vi ikkje fullt ut som «Talking heads» på ein skjerm, noko som utan tvil forringe eleven sin faglege prestasjon. At ei økt på Teams skal gje utteljing på karakterkortet i same omfang som grundig arbeid med faget over tre år i dei andre delane av faget, er å nedskrive eleven sin totalinnsats. Om eleven «kliner til» og får ein munnleg karakter som er til dømes to karakterar betre enn standpunkt, viser det meir enn noko anna at munnleg eksamen er eit upåliteleg ritual. Lokalt gjevne eksamenar er dessutan so ulike til og med i normalsituasjonen, at det som vert gjort på ein skule, knapt kan samanliknast med det som skjer på naboskulen.

Dropp majonesen, Melby. Gje elevane ei sunn avrunding av ei opplæringa som har vore meir krevjande på tampen enn nokon kunne tenke seg for litt over eit år sidan. Vis at dokker er eit hjarte og ei hjerne, og ikkje ein blindtarm.

Powered by Labrador CMS