– Sidemålsundervisninga må starte før 4. trinn. Elevane lærer språk best medan dei er unge, og tidleg start med sidemål er det som skal til for at elevane skal få lik kompetanse i sidemål som i hovudmål, skriv Eline Bjørke, leiar i Noregs Lærarmållag. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne.

Noregs Lærarmållag: Meir nynorsk i læreplanen

Noregs Lærarmållag vil ha djupnelæring i nynorsk. Det legg ikkje framlegget til ny læreplan i norsk opp til.

Publisert

* Eline Bjørke er leiar i Noregs Lærarmållag.

 

Like vurderingskrav i hovud- og sidemål

I gjeldande læreplan er det like kompetansemål og vurderingskrav i hovud- og sidemål, og i Kunnskapsdepartementet sitt framlegg til ny læreplan er det framleis like kompetansemål. Lærarmållaget meiner like kompetansemål er ein føresetnad for reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål i samfunnet utanfor skulen. Like kompetansemål i nynorsk og bokmål inneber at undervisninga må tilpassast elevane sine føresetnader. Læreplanen må vere tydeleg på at lærarane må utnytte metodefridomen dei har til å tilpasse undervisninga slik at elevane i realiteten kan få lik kompetanse i nynorsk og bokmål.

 

I den nye læreplanen er det, i motsetnad til i gjeldande læreplan, føreslått ei mildare vurdering i sidemål,  der ein skal «ta hensyn til at elevene har hatt lengre tid med formell opplæring i hovedmålet». Denne vurderingsinstruksen slår bein under intensjonen bak likestilte kompetansemål. I staden for å ta særleg omsyn til at elevane har hatt kort tid med sidemål, bør læreplanen gje elevane lengre tid med sidemål, slik at sidemålstekstane kan vurderast på lik linje med hovudmålstekstane. I praksis vil lågare krav i sidemål føre til dårlegare nynorskkompetanse, stikk i strid med det samfunnet treng.

 

Omsyn til nynorskelevane

Allereie i dag byter mange nynorskelevar hovudmål til bokmål, fordi mange lærarar vurderer på ein slik måte at det løner seg å ha nynorsk som sidemål viss ein meistrar både nynorsk og bokmål. Ved å læreplanfeste denne  vurderingspraksisen, kan dette språkskiftet skyte fart. I staden for eit insentiv til å byte hovudmål, treng nynorskelevane å bli meir eksponerte for språket sitt, slik at dei får høve til å bli trygge nynorskbrukarar. I ein komitemerknad til stortingsmeldinga Kulturens kraft - kultur for framtida, står det at «Flertallet er positive til at meldingen anerkjenner rikdommen Norge har med to norske skriftkulturer og skriftspråk – nynorsk og bokmål. Flertallet mener at i arbeidet med den kommende språkloven og språkmeldingen er det viktig med målrettede tiltak som bedrer situasjonen for nynorsk og nynorskbrukerne, som er i mindretall». Denne merknaden stiller alle regjeringspartia seg bak, og regjeringa må ta med seg dette i arbeidet med den nye læreplanen i norsk. Utkastet til læreplan tek ikkje omsyn til at nynorskbrukarane er i språkleg mindretal, og treng ei anna retning på språkopplæringa enn bokmålselevane. 

 

Framleis undervegsvurdering

I framlegget til ny læreplan i norsk har Kunnskapsdepartementet fjerna undervegsvurderinga med karakter i sidemål frå dei to fyrste åra både på ungdomsskulen og vidaregåande. Elevar som fekk færre undervegskarakterar i sidemål i samband med tidlegare karakterforsøk fekk ikkje betre språkkompetanse, og sakna undervegsvurderingane. Ved å fjerne undervegskarakterar i sidemål, vil ein svekkje nynorsken. Nynorsken kan ikkje ta støyten for at dagens vurderingspraksis ikkje er god nok.

 

Tidlegare start med sidemål

For å styrkje djupnelæringa i sidemål, må sidemålsundervisninga starte før 4. trinn. Elevane lærer språk best medan dei er unge, og tidleg start med sidemål er openbert det som skal til for at elevane skal få lik kompetanse i sidemål som i hovudmål. Ein ser at nynorskelevar ofte meistrar sidemålet sitt vel så godt som hovudmålet, fordi dei er blitt eksponerte for bokmål frå dei var små. Sidemålsundervisinga for bokmålselevane må starte tidlegare enn i dag, slik at bokmålselevane får moglegheit til å få den same kompetansen som nynorskelevane.

 

Dialektkunnskap og språkhistorie

I gjeldande læreplan står det at elevar på vidaregåande skule skal gjere greie for eit utval av norske talespråksvariantar. I det nye framlegget stå det at dei skal kunne gjere greie for endringar i talespråk og drøfte samanhengen mellom språk, kultur og identitet. Dette er ei klar svekking av djupnelæringa om norsk språk og fjernar eit nødvendig bindeledd mellom språkhistoria og dei to norske skriftspråka i dag.

 

Noregs Lærarmållag stiller desse krava til ny læreplan i norsk:

  • Framleis like kompetansemål og vurderingskrav i hovud- og sidemål
  • Omsyn til at nynorskelevane lærer eit mindre brukt språk
  • Framleis undervegsvurdering med karakter i sidemål
  • Undervisning i sidemål før 4. trinn
  • Elevane må få god kjennskap til dialektene og språkhistoria, og med det få forståing for språkstoda i Noreg, med nynorsk og bokmål som offisielle skriftspråk
Powered by Labrador CMS