Mistrivsel hos elevane smittar over på læraren

Konsekvensen av høge emosjonelle krav til lærarar har ein tendens til å bli bagatellisert, ifølgje dansk psykolog.

Publisert Sist oppdatert

Rikke Høgsted leiar det danske Institutt for belastningspsykologi. Til det danske bladet Gymnasielæreren seier ho at vi bør vere meir merksame på at lærarar høyrer med i gruppa som kan bli ramma av det som på fagspråket heiter sekundær traumatisering. Det tyder at å vere tett på personar som er traumatiserte eller i krise, kan føre til at ein sjølv får problem.

Grunnen er det ho kallar høge emosjonelle krav til lærarane. Dei skal vere nær elevane sine og ha medkjensle med dei.

Det er lett å forstå at personar som har som jobb å vere nær menneske i krise, som i redningsteneste eller krigsteneste, kan oppleve sekundær traumatisering.

Høge kjenslemessige krav

Påverkingane på dei som arbeider med høge kjenslemessige krav, er litt meir lumske fordi dei lett kan gå under radaren. Ofte har dei dessutan vent seg til situasjonen og blitt blinde for konsekvensane, seier Høgsted til Gymnasieskolen.

Ho minner om at stadig fleire unge melder om at dei har problem. Dette aukar risikoen for sekundær traumatisering hos lærarane.

Ho samanliknar det med å blø stille og rolig, dråpe for dråpe.

– På eit tidspunkt har det likevel blødd så mye at man blir sjuk, seier ho.

Konsekvensane er dei same anten dei er knytte til ei stor plutseleg oppleving, eller vedvarande press over tid der det ikkje er gitt rom for å arbeide medvete med opplevinga.

– Den mentale slitasjen blir ein risiko for at vi bryt saman, seier Rikke Høgsted.

Powered by Labrador CMS