Korleis blir eksamen når du er best utan ball?

Debatt: Målet med dei praktisk-estetiske faga må vere å byggje karakter, ikkje å gje karakterar.

Publisert Sist oppdatert

Det er kanskje sært å trekkje den tidlegare landslagsspelaren i fotball Øyvind Leonardsen inn i ein diskusjon om innføring av eksamen i dei praktisk-estetiske faga i ungdomsskulen. Men den tidlegare profesjonelle fotballspelaren kunne fått ein svak karakter på individuell eksamen i kroppsøving. Han hadde ord på seg for å vere best utan ball.

Individuell eksamen i desse kollektive og dannande faga vil kunne øydeleggje undervisningsforma og undergrave intensjonen bak dei praktisk-estetiske faga.

Utdanningsdirektoratet vil frå komande skuleår innføre eksamen i dei praktisk-estetiske faga; musikk, kroppsøving, kunst og handverk og mat og helse. Det vil seie at elevane skal kunne bli trekt ut til eksamen, og ikkje berre få fastsett karakter av faglærar. Intensjonen til direktoratet er å styrke desse faga, å setje desse faga også i fokus. Men viss alt skal i fokus, er som kjent ingenting i fokus. Problemet er at gode intensjonar ikkje alltid fører gode resultat. Individuell eksamen i desse kollektive og dannande faga vil kunne øydeleggje undervisningsforma og undergrave intensjonen bak dei praktisk-estetiske faga. Framlegget vil føre til endå meir teori i grunnskulen og mindre praktisk pedagogikk. Fleire av elevane som allereie slit, vil miste praktiske arenaer med læringsglede. Fråfall i vidaregåande skule heng óg saman med grad av opplevd meistring og fagleg utvikling i grunnskulen.

Attende til fortida

I kroppsøvingsfaget vil individuell eksamen kunne bli eit sprang attende til fortida, med måling, tal og stoppeklokke. Då gir vi karakter på det som kan talfestast, ikkje det viktige med faget. I lagidrettane heng individuelle ferdigheiter saman med kollektiv samhandling. Det er den kollektive samhandlinga som er viktigast; det å gjere sitt beste for at fellesskapet skal lukkast – det å vere best utan ball. Innføring av eksamen kan diverre føre til at undervisninga etter kvart blir retta inn mot det som elevane kan bli vurdert i på eksamen. Musikkteori, musikkhistorie og instrumentlære er sentralt. Men samspelet er ofte det kjekkaste for fellesskapet og elevane si trivsel, meistring og læring. Sjølvsagt er det ikkje berre kollektive mål med dei praktisk-estetiske faga. I kunst og handverk skal elevane meistre ulike stilartar, verktøy og arbeidsmetodar. Det er både teori og praktisk kulturhistorie. Men nokre fag må vere gode «nok» fag på skulen utan at elevane skal bli trekt ut til eksamen.

Professor Paul Otto Brunstad skriv i bloggen sin den 8. mai i år eit innlegg som heiter «Måltidet i barnehage og skole som demokratibygging». Her skriv han at måltidet og bordfellesskapet både er kulturen og demokratiets vogge. Det er fellesskapet rundt måltida som skil menneske frå dyra. Det er her vi trenar oss på å vente, utsetje eigne behov og dele goda. God bordskikk bidreg til å skape haldningar som samlivet med andre menneske er heilt avhengig av.

Faget mat og helse handlar både om teoretiske oppskrifter, praktisk utøving og eit sunt kosthald. Men kanskje er det skulen sitt viktigaste fag? I grunnskulen ser vi teikn på at familielivet er hektisk for mange, med lekser, trening, aktivitetar, sosiale treffpunkt nær sagt døgnet rundt, både for store og små. Dersom livet i familien blir like travelt som ein «flyplass» og fellesskapet rundt måltida smuldrar bort, då blir danninga og oppsedinga i skulen endå viktigare. Målet med dei praktisk-estetiske faga må vere å byggje karakter, ikkje å gje karakterar. Vi kjem truleg ikkje tettare på dei overordna kollektive måla med folkehelse, livsmeistring, demokratibygging og medborgarskap gjennom individuell eksamen i dei praktisk-estetiske faga.

Powered by Labrador CMS