Mange barn med høgt læringspotensiale opplever at skulen ikkje legg til rette for dei

Debatt: Siste skuledag er over, og elevane har gått for dagen. Rettare sagt; dei sprang ut dørene, forventningsfulle til det som verkar som ei æve av ein sommarferie.

Publisert

Rektoren som har skrive dette innlegget, er anonym av omsyn til personvernet. Utdanningsnytt kjenner innsendaren sin identitet.

Lærarane har takka for eit godt skuleår og førebudd dei godt på kva som ventar til hausten når dei skal starte på eit nytt klassetrinn.

Rektor tek ein runde på huset for å seie god sommar til dei tilsette. På arbeidsrommet finn eg ein liten gut. Ikkje enda fylt ni år. Han sit og gret. Ikkje berre gret, han storskrik – heilt utrøsteleg. Når eg spør kvifor han er så lei seg, hulkar han: «Eg er så trist for at skuleåret er over, og eg veit ikkje kor eg skal vere neste år. Veit du kor eg skal vere?»

La oss kalle han Lars. Ein elev med stort læringspotensial, eit evnerikt barn eller «a gifted child». Men han er så mykje meir enn det. Han er ein aktiv og utadvent 8-åring. Ikkje av dei som sit rolegast eller kjem først inn frå friminutt. Men han er gløgg . Han stiller spørsmål. Han er omtenksam. Han reknar på høgde med ein 6. klassing, er flink med reiskap og ein reser til å klatre i tre.

Les også: Johan H. Andresen blar opp millioner for talentfulle elever

Lars har vore på skulen vår dei siste vekene av 3. klasse. Dei første skuleåra hans var prega av konflikter. Konflikter mellom han og andre elevar, men aller mest konflikter mellom han og dei vaksne på skulen. Etter kvart vart skulen så vanskeleg for Lars at han vegra seg for å gå på skulen. Frå haustferien i 3. klasse og fram til påske var han ikkje på skulen i det heile tatt.

Foreldre, skule, statsforvaltar, PPT, BUP, barnevern – ja bortimot alt som fins av andrelinjeteneste har vore kopla på for å legge til rette for at Lars skal ha det trygt på skulen. Likevel har skulen vorte så vanskeleg at han ikkje har greidd å fortsette på heimeskulen sin. Han har allereie i ein alder av 8 år utvikla skulevegring.

... det er mange som ikkje opplever at skulen legg til rette for dei og gir tilpassa opplæring ut frå deira behov.

Dette er dessverre ei kjent problemstilling blant barn med høgt læringspotensiale. Sjølv om mange av dei greier seg godt på skulen, er det også mange som ikkje opplever at skulen legg til rette for dei og gir tilpassa opplæring ut frå deira behov. Dei føler seg einsame og ekskludert. Mange får så store utfordringar på skulen at det ender opp i skulevegring.

Då Lars kom til skulen vår som gjeste-elev etter påske, var det for å gi han sjansen til ei gradvis tilvenning til ein skulekvardag igjen. Vi starta med ein dag i veka der han fekk vere med på uteskule. Dei siste vekene har han fått vore på skulen kvar dag. Han har ikkje hatt ein fråversdag i løpet av denne perioden.

I mellomtida har saka hans gått for fullt mellom foreldre, heimeskule og heimkommune. Det har vore møte på møte og eit utal av e-postar og telefonar. Dei vaksne rundt Lars blir nemleg ikkje einige om kor han skal gå på skule neste år. Ei sak er dei einige om: han skal bytte skule. Både heimeskulen, skulefagleg rådgjevar og foreldre er einige om at det ikkje er det beste for Lars å fortsette på heimeskulen. Det er difor gjort eit vedtak om skulebyte.

Det er mange skular i heimkommunen til Lars. Foreldra ønskar likevel at han skal få gå på ein skule i nabokommunen, som også ligg nærast heimen. Men å byte til ein skule utanfor kommunen er ikkje så enkelt. Det kostar nemleg pengar å la Lars gå på ein skule i ein anna kommune, og pengar veks ikkje på tre i kommune-Noreg. Om han byter skule til nabokommunen, vil denne kommunen krevje refusjon. Om lag 120.000 kr i året er prisen på ein skuleplass. Over ein periode på sju år, utgjer dette kr 840.000 i skulepengar. I tillegg kjem sjølvsagt skyss. Eit vedtak om å flytte Lars over til ein skule i nabokommunen, kan difor fort bli veldig dyrt for heimkommunen.

Lovverket seier at ein elev i utgangspunktet skal gå på sin nærskule (opplæringslova, paragraf 8-1). Dei fleste kommunar har likevel gjort vedtak på korleis dei skal handsame skulebytte både innad i og utanfor kommunen. Det har også heimkommunen til Lars gjort. Som i dei fleste andre kommunar, kan foresatte søkje om skulebyte mellom anna dersom det føreligg «særlege sosiale grunnar» eller «for å sikre eleven retten til opplæring».

Og det er her saka til Lars har stoppa no. Dei vaksne rundt han blir ikkje einige om kva skule han skal gå på. Ein annan skule i heimkommunen eller ein skule i nabokommunen? Desse vaksne er «laget» til Lars. Dei skal heie han fram og ta viktige avgjerder som skal vere til Lars sitt beste. Men det tek tid å bli einig. I fem månader har Lars no vore «skulelaus», bortsett frå dei siste to vekene han har hospitert på skulen vår.

– Og Lars sjølv? Lars er den einaste av elevane som gret fordi han ikkje veit kva skule han skal gå på til neste år. Kor skal eg vere? undrar han siste skuledag. Han skulle så gjerne visst. Han skulle så gjerne fått fortsatt på denne skulen han har vore den siste månaden, der han har fått relasjonar til både vaksne og medelevar han gjerne skulle blitt enda betre kjend med. Eller i det minste visst kva som venta han til hausten.

Rektor gjekk heim denne dagen og undra seg over kor på vegen vi vaksne mista fotfestet vårt. Barnet sitt beste, heiter det. Med min beste velvilje greier eg ikkje å sjå kvifor 8-åringen som no endeleg har funne ut av korleis det er å gå på skule igjen, fortsatt står utan skuleplass til hausten. Korleis ei slik sak kan dra ut i veker, månader og år før ein finn ei løysing. Og at ein 8-åring i mellomtida kan bli så fortvilt fordi han ikkje veit kor han skal vere.

Eg kunne ønske at alle dei som skal handsame saka til Lars kunne ha sett han i dag. Sett korleis han leika med dei andre i friminuttet. Korleis han tulla med læraren sin i siste time. Og ikkje minst kor sårt han gret da det gjekk opp for han at han ikkje visste kor han skulle vere til hausten, kor fortvilt han var då han sa til meg «Kor skal eg vere?».

Powered by Labrador CMS