13 spørsmål til Trine Skei Grande

Trine Skei Grande: – Lærarstatusen har heva seg mykje på få år

Trine Skei Grande har sett seg på toppen av Kunnskapsdepartementet for å frigjere oss.

Publisert Sist oppdatert

– Dette intervjuet har vi planlagt som tretten spørsmål til Trine. Er du klar?

– Klar!

1 – Venstre fekk det som dei ville, og du kan by på bokstavkjeks på kunnskapsministerens kontor. Korleis vil vi merke forskjell etter meir enn seks år med høgrefolk i den posisjonen?

– I Venstre vil vi frigjere menneske! Høgre vil ha god utdanning fordi næringslivet treng det, Arbeidarpartiet fordi samfunnet treng det. I Venstre er vi liberalistar. Vi vil gi menneska danning og ballast så dei kan vere seg sjølve når dei tar plass i fellesskapen. Utdanning er arenaen for denne frigjeringa.

2 – Å vere lærar må få høgare status, har du sagt lenge. Kva status har det å vere lærar i dag?

Trine Skei Grande (50)

  • Kunnskaps- og integreringsminister sidan 24. januar 2020.
  • Kulturminister frå januar 2018 til januar 2020
  • Leiar i Venstre sidan 2010
  • Fast stortingsrepresentant sidan 2005
  • Kjem frå Overhalla nord i Trøndelag, representerer Oslo på Stortinget.

– Eg trur statusen har heva seg mykje på få år. Læraryrket er stas når ungane til venninnene mine diskuterer kva dei vil bli. Vi rekrutterer breitt. Blant dei lærarane som innvandrarjenta eller guten med låg sosial bakgrunn møter, skal det vere lærarar dei kan spegle seg i.

3 – I 2015 vedtok Stortinget nye kompetansekrav for lærarar i visse fag. Vedtaket gjaldt rundt 30.000 lærarar. Sosiale medium kan gi inntrykk av at mange lærarar hugsar svært godt at du stemte for «avskiltinga». Står du ved det valet?

– Eg er veldig forundra over det synet på utdanning som lærarar gir uttrykk for her. T-baneførarar, legar og advokatar må ta kurs heile tida. Og er det eitt yrke der du aldri blir utlært, så er det lærar. Eg møter mange lærarar som vil fylle på kunnskapen, og mange som seier etterpå at det var gøy. Men eg er skuffa over dei som driv kampanje mot kunnskapspåfyll.

4 – Ifølgje Dagbladet manglar 22.000 lærarar pålagt kompetanse. Til Bergens Tidende seier du at familiane deira burde motivere dei til etterutdanning. Er ikkje stipend og meir fri til studiar betre tiltak?

Lærarar som vil etterutdanne seg, fortener «high five» frå familien, sjølv om det vil vere krevjande. Det er det eg har sagt. Men veit lærarane at ein ufaglært vikar tar over klassen, kvir dei seg for å vere borte. Dei er glade i elevane sine. Så gode vikarordningar er svært viktig for etterutdanninga. Det må kommunane skaffe, ikkje vi.

5 – Du arvar debatten om inntaksordningar i vidare-gåande. Forgjengaren din ville ha såkalla fritt skoleval, altså karakterbasert inntak, i alle fylke. Er du einig med lokallaget ditt, Oslo Venstre, om at dette må fylka bestemme sjølv?

– At fleire elevar skal bu på hybel, er ikkje noe mål. Og eg er for fritt skoleval i Oslo. Ut over dette har eg ikkje tatt stilling i dette ennå.

6 – Nye kunnskapsministrar likar å presentere sin eigen metode for å få ned fråfallet i vidaregåande. Kva er din?

– Å lage ei stortingsmelding. Og så trur eg ikkje det er ein metode. Men fråfallet går jo ned. Nokre skolar får det til, og eg skal på turné til dei for å lære.

7 – Landsmøtet til Utdanningsforbundet i i fjor haust avdekte stor uro for dei yngste skolebarna. Det er for lite leik og omsorg i skoledagen deira. Deler du denne uroa?

– Venstre var kritisk da seksåringane skulle inn i skolen. Nestleiaren min, Terje Breivik, sa at å sitje i ro på skolen er det nærmaste han har vore tortur. Eg er vel for eigen del ikkje like opptatt av fysisk aktivitet. Men skolesystemet må vere tilpassa dei små barna. Og eg er mest uroa for dei yngste gutane.

8 – Fordrar leik at barna styrer leiken sjølv, eller er det leik når læraren finn på morosame måtar å lære på?

– Dei som er utdanna for det, skal definere kva leik er, ikkje kunnskapsministeren.

9 – Lærarar i alle skoleslag vil vite om du kan gi dei partsinnsyn og kontradiksjonsrett om dei blir tiltalt etter opplæringslova sitt kapittel 9A?

– Vi har sendt to kilo framlegg til ny opplæringslov ut på høyring. Dette kjem garantert til å bli tatt opp i høyringssvara. Mens høyringa går, kan vi tenkje over om vi måler rett ting. Barkar to elevar saman, måler vi det læraren og skolen gjer. Men kan vi måle om ein elev med problem får det betre?

Lærarar som tar tusen små avgjerder kvar dag, må få støtte hos leiinga. Min favorittrektor er Karin Eger på Gamlebyen skole i Oslo. Ein lærar der kravde at eleven skulle ta av seg lua i timen. Da klaga foreldra. Rektor kalla dei inn og fortalde kven som bestemte på skolen.

10 – Venstreleiaren sa at lærarnorma som Kristeleg Folkeparti forhandla fram, kan bli ein «vaksennorm» av di lærardekkinga er så dårleg. Vil du gjere endringar?

– Regjeringserklæringa, der lærarnorma står, ligg fast. Men det er rett at eg har innvendingar.

11 – Vi gjer som Solan i Flåklypa og går baklengs, om ikkje inn i fuglekassa, så vidare i utdanningssystemet. 15 prosent av barne-hagestyrarane seier i ei fersk undersøking frå Utdanningsdirektoratet at dei har full bemanning seks timar eller meir. Kvifor er ikkje full bemanning heile dagen viktig for politikarar?

– Vi er ikkje i mål. Men vi er på rett veg og må berre halde fram og bruke meir ressursar.

12 – Ifølgje Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt, er det blitt 58.000 fleire kommersielle barnehageplassar og 19.000 færre ideelle sidan 2005. Korleis vil du sikre at offentlege pengar uansett går til det beste for barna?

– Tidlegare kunnskapsmininster Jan Tore Sanner arbeidde mye for å finne ein mekanikk for dette. Eg er ikkje oppdatert ennå. Så langt ser eg berre at dei som har mykje pengar, dei utviklar mest.

13 – Nå skal vi kartleggje kva du meiner om kartlegging. Ja eller nei til

a) Smilefjeskartlegging?

– Ja, men spørsmåla må vere gode.

b) Kartleggingsprøver?

– Ja.

c) Nasjonale prøver?

– Ja.

d) Pisa-undersøkinga?

– Ja. Det er bra å sjå kven som gjer det betre enn oss, så vi har noko å strekkje oss etter.