Arbeidstid, undervisningstid og løn

Arbeidstid, undervisningstid og løn er sentrale element for å sikra den gode skulen.

Vi krev at arbeidstida til lærarane framleis skal vera sentralt gitt og at den sikrar lærarar ei arbeidstid som er konsentrert rundt elevane sitt skuleår. Me meiner samstundes at arbeidsgjevaransvaret for lærarane må tilbakeførast til staten. Utdanningsforbundet Austevoll meiner dette er den einaste måten som vil gje lærarane dei rammene som skal til for å kunna tilrettelegga undervisninga og følgja opp den enkelte elev gjennom skuleåret på ein god og forsvarleg måte. Undervisning er dagsaktuell og ikkje noko som kan planleggast fleire månader på førehand. 

Utdanningsforbundet Austevoll krev at tal undervisningstimar for den enkelte lærar vert sett ned. Dette for å få betre tid til for- og etterarbeid for å auka kvaliteten på undervisinga og følgja opp elevane når det trengs, både på det faglege og det personlege plan. Gjennom Opplæringslova og Kunnskapsløftet blir det stilt store krav til undervisning og tilrettelegging for den enkelte elev. I ein hektisk skulekvardag med stadig fleire oppgåver treng ein tid til det som er hovudoppgåva til lærarane; nemleg det å få vera lærar og driva med undervisning. 

Utdanningsforbundet Austevoll krev at mindrelønsutviklinga for lærarane vert stoppa, og at ein får eit lønsløft som gjer at me kan samanliknast med andre yrkesgrupper med lik utdanning/kompetanse. Behovet for lærarar vil auka kraftig i åra framover, og det vil stilla store krav til rekrutteringa til læraryrket, samt å få lærarar til å stå lenger i yrket.