Arbeidstilsynet har funne at i to av ti barnehagar har verneombodet ikkje fått opplæring. (llustrasjonsfoto: Maja Ljungberg Bjåland)

Tre av ti barnehagar manglar plan for bedrifthelseteneste

Manglande plan for bistand frå bedriftshelsetenesta er ein gjengangar blant manglane som Arbeidstilsynet oppdagar ved tilsyn i barnehagar.

Publisert

Når Arbeidstilsynet har spurt etter slik plan under eit barnehagetilsyn, har det mangla i 29 prosent av tilfella, får Utdanning opplyst frå Arbeidstilsynet.

Tala byggjer på tilsyn tilbake til 2014. I denne tida har tilsynet registrert 135 barnehagar som ikkje har kunna vise til slik plan når tilsynet har spurt. Med dette toppar mangel av slik plan lista over manglar tilsynet har funne i barnehagane.

På andreplass kjem tiltak og plan for helsemiljø og tryggingsarbeid, på tredje kjem kartlegging og vurdering av helse- miljø og tryggingsarbeidet.

På fjerdeplass på lista kjem opplæring av verneombod. I 20 prosent av barnehagane der tilsynet hadde spurt etter dette hadde verneombodet ikkje fått opplæring. Det er og fleire døme på at barnehagen ikkje har verneombod.

I alt har Arbeidstilsynet gjennomført 770 tilsyn i barnehagar sidan 2014 Dette har ført til 1338 reaksjonar frå Arbeidstilsynet til barnehagane. I tilsyna er det spurt om ulike forhold, det er ikkje slik at alle tilsyn har sett etter det same.

Lysskar barnehage i Haugesund fekk 20.september i år pålegg frå Arbeidstilsynet om å skaffe plan for bistand frå bedriftshelseteneste, og om opplæring for verneombod. Tilsynet purra på barnehagen 15.oktober purra tilsynet på svar.

Styrar Hilde Lunde Johannessen seier at sjukmelding har vore grunnen til at verneombodet ikkje har hatt opplæring og at bistandsplanen nå er forankra der den skal.

Powered by Labrador CMS