Alarmtelefon for unge

Barn og unge som blir utsett for vald, overgrep og mishandling kan vende seg til ein eigen alarmtelefon.

Barn ringjer gratis på telefonnummer 116 111 eller sende ein sms til 4771 6111. Dei kan også sende e-post til alarm@116111.no eller fylle ut kontaktskjema på heimesida www.116.111.no. Alarmtelefonen har også eit telefonnummer som kan nyttast frå utlandet: 0047 951755

Alarmtelefonen er gratis og er open når barneverntenesta sitt kontor er stengt. I vekedagar er telefonen open frå klokka 15 til 08. I helger eller helgedagar er telefonen døgnopen, skriv Fylkesmannen.no.

Telefonane blir besvarte av vaksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge. Dei vil vurdere om det er behov for hjelp her og nå, sende bekymringsmelding til barneverntjenesta der du bor, ta kontakt med andre hjelpetenester eller dei kan gi råd om korleis du kan få hjelp frå andre.

Du kan også ringe om du veit eller tror at nokon andre har det slik.

Alarmtelefonen er eit toårig pilotprosjekt som går inn i regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2008-2011). Tenesta er finansiert av Barne- og likestillingsdepartementet i samarbeid med Justis- og politidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Informasjon og plakatar er sendt til alle skolar med oppmoding om å gjere alarmtelefonen kjent for barn og unge.

Last ned informasjonsmateriell, som film, plakatar og brosjyrar, her