With ny styreleiar i Kristne Friskolers Forbund
Det nye styret i Kristne Friskolers Forbund (KFF) konstituerte seg måndag og valte Odd Anders With, administrasjonsleiar ved Kristen videregående skole Trøndelag (KVT), til ny styreleiar.
With overtek etter Ståle Andersen, KVS Lyngdal, som gjekk ut av styret etter denne perioden. Hilde Grimm, nytilsett rektor ved Oasen skole i Songdalen i Vest-Agder, vart valt til nestleiar, heiter det i ei melding frå Kristelig Pressekontor.
I styret i KFF sit no elles: Ingvill Kvalsnes Blom, Danielsen barne- og ungdomskule Sotra, Hallgeir Solberg, Øya videregående skole, Kvål i Sør-Trøndelag, Anne Marie S. Topland, Bibelskolen i Grimstad og Elisabeth Thielemann, St. Eystein skole i Bodø.
Varamedlemer er: 1. vara: Astrid Langmoen Olsen, Tomb vgs og landbruksstudier, 2. vara: Gunnstein Koch, Danielsen ungdomsskole Haugesund.
KFF er ein interesseorganisasjon for kristne skolar og skal ivareta skolane sine interesser overfor offentlege myndigheiter og arbeide for dei kristne skolane sin eigenart. Organisasjonen gir òg råd og vegleiing til medlemsskolane i friskolespørsmål. KFF organiserer i dag om lag 120 skolar. Halvparten av desse er grunnskolar. Dei andre er fordelte på vidaregåande skolar, fagskolar, bibelskolar og høgskolar. KPK