Tilsyn med vaksne sin rett til grunnopplæring

Det skal gjennomførast dokumenttilsyn med tre kommunar i Sogn og Fjordane.

Dei aktuelle kommunane vil få varsel og nærare informasjon om kort tid.

Vaksne har rett til grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring. Vaksne sin rett til opplæring er fastsett i opplæringslova og forskrift til opplæringslova.

Opplæringslova kapittel 4 A, «Opplæring spesielt organisert for vaksne» vart inkludert i lova i år 2000, men enkelte krav tok til å gjelde først frå 2002. Det er slik at kommunen har plikt til å syte for grunnskuleopplæring for vaksne og fylkeskommunen si plikt til å syte for vidaregåande opplæring for vaksne.

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet skal Fylkesmannen dette året også prioritere tilsyn med vaksne sin rett til grunnopplæring. Tilsynet skal kontrollere om skuleeigar etterlever plikten i opplæringslova kapittel 4 A og innfrir retten vaksne har til opplæring. Tilsynet vil i denne samanheng naturleg nok sette fokus på kommunen sitt internkontrollsystem, slik  krava er i opplæringslova paragraf 13-10.

I praksis vil tilsynet i år gjennomførast som dokumenttilsyn med tre kommunar i vårt fylke. Dei aktuelle kommunane vil få varsel og nærare informasjon om kort tid.

Powered by Labrador CMS