Besøk ved Ljungfälleskolan, ein spesialskule i Sverige

I februar 2023 var fem tilsette frå lærar- og vernepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet på besøk ved Linnéuniversitetet. I forbindelse med dette opphaldet fekk dei vitje Ljungfälleskolan, ein spesialskule for elevar med intellektuell eller erverva funksjonsnedsetting

Publisert

Den svenske särskolan

Det svenske skulesystemet er tydelegare differensiert samanlikna med det norske. Den største ulikskapen er at Sverige har to ulike skulesystem med ulike læreplanar for desse skulane. Särskolan er retta mot elevar med intellektuell funksjonsnedsetting, som er den svenske termen for utviklingshemming. Elevane må gjennom ei utgreiing som tilseier at dei fyller krava for å kunne gå i särskolan, og foreldra må ynskje at barna er elevar der.

Dei norske gjestane frå Høgskulen på Vestlandet er frå venstre: Finn Steenfatt Thomsen, Kirsten Flaten, Monica Vedvik og Eireen Finden. Gunn Linde var òg med på turen, men er ikkje med på bildet.

Särskolan-systemet har vore under vurdering, og Carlbeck-komitéen, som vart etablert for å leggje ned särskolan, enda med å arbeide for å forsterke den i sin rapport frå 2004. Her vart det konkludert med at å få til éin felles skule for alle elevar er ein utopi. Etter grunnsärskolan kan elevane fortsette på träningsskola og gymnasiesärskola, og gå vidare til särvux, ei utdanning for vaksne med intellektuell funksjonsnedsetting.

Bergjord & Thoren (2021) påpeikar at särskolan er ein sikkerheitsventil for å lette presset på den målstyrte ordinærskulen. For å dempe kjensla av ulikskap mellom skulane skal likevel omgrepet särskola fjernast, og frå juli 2023 er det anpassad skola som er namnet på skuleforma. Dette er eit initiativ frå elevane ved särskolan, og viser at det kan ha vore opplevd som stigmatiserande å vere elev ved ein slik skule.

Det er på sin plass å nemne at dette todelte skulesystemet vert diskutert i Sverige. Ikkje alle synest ei inndeling i to skulesystem er naudsynt, og meiner at det bør kunne leggjast til rette for eitt tilbod for alle elevar innanfor det same skulesystemet, sidan tilpassing og individualisering uansett er del av skulen sitt arbeidsområde. Bergfjord & Thorén (2021) påpeikar at Carlbeck-komitéen har gjort eit forsøk på å dekke krav frå både Salamanca-erklæringa (prinsipp for opplæring av personar med særskilde behov) og Pisa-undersøkinga (Programme for International Student Assessment) si målstyring.

Skulen

Utanpå ser Ljungfälleskolan ut som nett det han er, ein skule. På innsida ser han òg ut som ein skule, men vegger og golv er «pepra» med bildestøtte som gjer det enklare for elevane å orientere seg.

Rektorane Staffan Johnson og Susanne Morgan påpeikar at struktur er innbakt i alt ved skulen. Kvar undervisningsøkt er bygd over same rutine, og dette gjeld heile skulen. På same måte som den visuelle støtta er til stades i kvart klasserom, i korridorar og i fellesarealet på heile skulen. Tekniske hjelpemiddel finst i alle klasserom, og særskilt det med å måle tid verkar viktig. Arbeidsøkter er sette opp i tidsintervall, og her er klokker, tidtakarar og tidsstavar som viser tida som går. Mykje av elevoppfølginga vert gjort ved individuelle samtalar, gjerne om korleis eleven har det, kva eleven har oppnådd og kva mål som er det neste å arbeide mot.

Elevane kan her gi uttrykk for korleis dei har det.

Og så er det sjølvsagt varm lunsj kvar dag, dette matfenomenet som ikkje har fått fotfeste i Norge. For å sikre at elevane får variert diett og sunn ernæring, vert menyen rullert kvar månad med éin vegetarisk rett og éin kjøt- eller fiskerett kvar dag. Ein dag i veka vel elevane menyen, og då blir det hamburgar eller pizza. Dette viser vel at det er ein likskap mellom barn i Sverige og Norge.

Fellesskap

Ljungfälleskolan er ein tvillingskule til den ordinære skulen, noko som inneber deling av uteområde og undervisningsrom for handverk, kroppsøving og mat – og dei har felles lunsjrom. For nokon elevar er dette eit kjærkome høve til å treffe vener på tvers av skuletypane, andre elevar føretrekkjer å vere i det særskilt tilrettelagde uteområdet.

Det er òg mogeleg å vere elev ved begge skulane. For oss som var på besøk, vart dette eksemplifisert med elevar som er særskilt gode i idrett, men slit med teori. Då har eleven kroppsøving med aldersgruppa si på ordinærskulen, og får teorifaga tilpassa i särskolan. Eller det er elevar som treng støtte i nokon fag, og tar desse i särskolan, men er elles elevar ved ordinærskulen. Dette går jo der skulane er tett saman slik som her, men det blir påpeikt at det ikkje alltid er ein fysisk nærleik mellom dei ulike skoletypane som gjer dette mogeleg.

Elevar ved särskolan har rett til skuleskyss, som inneber ein reiseveg på opptil 4 mil for nokon av elevane.

Kommunikasjonsbrett

Elevane

Elevane ved särskolan er delte inn i grupper etter ferdigheiter og meistring, så aldersspennet i eit klasserom kan vere fleire år. Det er små grupper, gjerne 5–6 elevar med ein lærar, og ekstra personale om det trengst. Det vert nemnt elevar som er så utagerande at det er naudsynt med opptil tre personale. Klasseromma er godt tilpassa med felles areal der elevane jobbar saman, og individuelle arbeidsstasjonar er skjerma med lyddempande skiljebrett. Kvart klasserom har òg ei sitjeanretning med sykkelpedalar for elevar som kjenner at dei har behov for å røre på seg i løpet av arbeidsøktene.

Ein del av skulen er tilrettelagd for elevar som treng tettare oppfølging grunna faglege vanskar, og ein annan del av skulen er lagt til rette for elevar med så store utfordringar både fysisk og kognitivt at dei har behov for tett oppfølging på dei fleste område. For elevar med lettare vanskar vert det lagt opp til teoriinnlæring, der lesing og skriving er del av skulekvardagen. For elevar med større utfordringar kan det til dømes handle om det å kunne løfte koppen og drikke utan hjelp. Å klare dette aukar sjølvstende, noko som er grunnleggjande i all utdanning.

Dei aller fleste av elevane treng hyppige pausar og gjerne ein plass å leggje seg nedpå for å kvile gjennom dagen.

Rettleiing for kor elevane skal stille seg opp.

Personale

Personalet består av lærarar med og utan spesiallærarutdanning, og i tillegg elevassistentar med fagutdanning eller helseutdanning. Å finne lærarar som er utdanna til spesiallærarar, er utfordrande trass i at svenske utdanningsinstitusjonar har ei eigen lærarutdanning retta nettopp mot direkte arbeid med elevar med omfattande intellektuell og fysisk funksjonsnedsetting.

Ved Ljungfälleskolan er det lite utskifting i personalet, noko som indikerer at det er triveleg å arbeide ved skulen. Lisa Blommendal, ein av spesiallærarane ved skulen, arbeider med elevane med dei største behova, noko ho har gjort i 44 år. Entusiasmen er smittande når ho fortel om fredagsdisko, og at dei har arrangert hattedag ut frå temaet Dovregubbens hall. Ho fortel at musikken var fengjande for elevgruppa og inspirerte til rørsle hos alle, både elevar og lærarar. Ho legg til at elevane gjer store framsteg kvar dag, og ho trekkjer fram at den ungarske Petø-pedagogikken er ei stor inspirasjonskjelde for mykje av arbeidet som blir gjort. For å hindre slitasje og frustrasjon hos elevar og personale er det utvikla ei rulleringsordning, slik at det vert endring i kven som er tett saman i løpet av veka, og ingen er sette saman to dagar på rad.

Her viser rektor Susanne Morgan og spesiallærar Lisa Blommendal korleis dei arbeider for å lære elevane å gripe eit objekt.

Språklege forviklingar

Visst er det mykje likt i norsk og svensk språk, noko dei gode samtalane under vitjinga viste. Men ved nokre høve vart det heilt feil. Eit rom merka med lappen «Sinnerummet» på døra vart av dei norske gjestane oppfatta som eit rom der eleven kunne gå om denne hadde behov for å kjøle seg ned etter eit sinneutbrot. Det gav ein god lått for svenskane, for tydinga var nesten omvendt. Rommet var tenkt som eit sanserom der ein kunne vere for å oppleve stimulans gjennom lys, lyd og tekstur. Dei svenske lærarane såg litt ekstra på oss når vi nemnde at det var så «rolig» på skulen. Heldigvis var ein i gruppa kjapp til å skjøna at «rolig» på svensk tyder morosam. Så her måtte vi ty til «svorsk», og forklare at vi «tyckte det var så lugnt inne i skolan».

Utfordringar inn mot vaksenlivet

Kvardagen ved denne särskolan er godt gjennomtenkt. Tiltaka for elevane er individretta og tilrettelagde, og dei har trygg og tett oppfølging både i undervisninga og friminutta. Men ser ein skulesystemet i ein større samanheng, kjem det fram at det er innebygd effektive stopparar for å oppnå eit produktivt og sjølvstendig vaksenliv. Ein elev som har hatt skulegangen i särskolan har ikkje mogelegheit til å søke seg over til vidare utdanning innanfor det ordinære utdanningsløpet. Eit vitnemål frå särskolan kan berre brukast som grunnlag for å søke seg vidare innanfor särskola-systemet.

Det er her det vert vanskeleg å skjøne kvifor systemet har lagt inn slike hindringar for elevane. Det vil vere elevar med store læringsutfordringar som med tid og modning kanskje vil kunne gå inn i ordinære utdanningsløp. Dei vil då kunne ha meir behov for å bli støtta vidare enn å verte nekta innpass i det systemet som er med på å opne døra til eit produktivt vaksenliv i samfunnet. Det at denne elevgruppa har vanskar med å komme inn i arbeidslivet, er felles i begge land, og her er det behov for at samfunnsmessige ordningar støttar gruppa fram til eit meir sjølvstendig og produktivt vaksenliv.

Refleksjon

Det er alltid spanande å få kike inn i og hauste erfaringar frå skular i ulike land, og sjå om det er idéar å ta med seg inn i eigen praksis. Eller kanskje få bekrefta at også norsk skule har i seg noko vi skal kjempe for. Eit innblikk i Ljungfälleskolan gav mange tankar og refleksjonar i etterkant. For elevar med store behov for oppfølging og omsorg verka dette som rette omgivnader. Også for elevane med lærevanskar verka skulen som ein støttande arena med tett oppfølging, der det vart gitt god individuell skulefagleg tilpassing. Men så kjem tanken om at dette bør vel gå an å få til innanfor ordinær skule. Vårt besøk på denne särskolan har vist at det er mogeleg å leggje opp til gode innlæringsløp, med tilpassing, hjelpemiddel og høve til å kvile innimellom. Og så var det den utdanningsvegen vidare, då, som bør vere open i så mange retningar som mogeleg. -

Denne artikkelen ble første gang publisert i papir og e-bladutgaven av tidsskriftet Spesialpedagogikk nr. 3, 2023. Hvis du vil lese flere artikler eller abonnere på tidsskriftet Spesialpedagogikk: Klikk her: 

På denne nettsiden får du også tilgang til Spesialpedagogikks arkiv med tidligere publiserte utgaver og forfatterveiledningen vår – hvis du ønsker å skrive noe selv.

Referanse

Bergfjord, A. & Thorén M. (2021). Kampen om särskolan. Carlbeck-kommitténs utredning av särskolan i fackliga tidningar. Speciallärarprogrammet med specialisering utvecklingsstörning, Stockholm Universitet. URL: http://www.diva-portal.org/smash/get/diva2:1563542/FULLTEXT02.pdf (diva-portal.org)

 

 

 

 

 

.

 

 

 

Powered by Labrador CMS