VALG 2019

Steinar Strømsli leder Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane. Foto: Marianne Ruud

Vil ha fleire kvalifiserte lærarar i skule og barnehage

– Mangel på kvalifiserte lærarar i er den utfordringa som får størst negative konsekvensar for einskildpersonar og samfunn på kort og lang sikt, sier leder i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.

Publisert

– Kva er dei største utfordringane i barnehage- og skulesektoren i Sogn og Fjordane?

– Mangel på kvalifiserte lærarar i skule og barnehage er den utfordringa som får størst negative konsekvensar for einskildpersonar og samfunn på kort og lang sikt. Mange skuletimar vert gjennomførte av andre enn lærarar. Ukvalifisert personale står i gjennomsnitt for 5 prosent av undervisninga i Sogn og Fjordane, syner tal som kommunane sjølve har rapportert. Det betyr at 700 av elevane våre går på skulen utan å få undervisning av ein lærar. I barnehagane har vi og utfordringar knytt til rekruttering. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 6 prosent av dei pedagogiske leiarane i Sogn og Fjordane har dispensasjon frå utdanningskravet.

VALG 2019

Navn: Steinar Strømsli (48)

Verv: Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

– Har du motteke signal frå lokallag om korleis dei einskilde kommunane disponerer budsjetta og kor dei største behova for satsing innan sektoren er?

– Alle kommunar og deira tilsette kjenner på kroppen kvar dag at kommuneøkonomien er trong. Vi får kvar veke tilbakemeldingar frå lokallag om ulike nedskjeringar og vanskelege prioriteringar som må gjerast. Enkelttilfella vert kanskje ikkje så dramatiske, men summen av alle tiltak vert svært utfordrande.

– Kva er dei viktigaste sakene i valet 2019?

– På fylkesnivå vil sjølvsagt samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane bli viktig. Det er mange viktige saker for våre medlemmer som skal vedtakast av politikarar dei kommande åra. Til valet må politikarane vere tydelege når det gjeld kva retning dei ønskjer seg i skule- og arbeidsgjevarpolitikken.

– Kva for eit politisk forslag har gjort deg mest forbanna?

– Våre skulepolitikarar ynskjer det beste for skulane og barnehagane i Sogn og Fjordane. Vi har god dialog med dei ulike partia og det er få kontroversielle forslag som vert fremja.

– Kva for eit politisk forslag har gjort deg mest glad?

– Fleire kommunar i Sogn og Fjordane tek på alvor den nye pedagognorma i barnehagen og set i verk tiltak for i innfri denne.

– Kva har vore dei viktigaste sakene for dykk dei siste fire åra?

– Vi har brukt mykje tid og ressursar på saka om kompetansekrava for undervisning. Våre medlemmar føler seg svikta av Stortinget i denne saka.

Vi har snakket med ledere av store lokallag landet over og med fylkesledere i Utdanningsforbundet. Alle intervjuene finner du her

Powered by Labrador CMS