- Sjokkert over kopling til kristen kultur

Terrorsikta Anders Behring Breivik ser på seg sjølv som ein forsvarar av kristen kultur. Biskop Ole Chr. Kvarme seier til Kristeleg Pressekontor at det sikta har gjort, står i sterkaste kontrast til det kristne trur på og vedkjenner seg til.

- Behring Breivik synest å vere driven av blant anna hat mot muslimar og islam og motstand mot eit fleirkulturelt samfunn. Samstundes hevdar han ville forsvare kristne verdiar. Korleis oppfattar du synspunkta hans?

- Eg kjenner ikkje synspunkta hans i detalj, men har fått med meg at han verkar gjennomtenkt og reflektert. Det gjer det endå meir sjokkerande at han knyter dette til kristen kultur. Min umiddelbare kommentar er: Det som skjedde på fredag står i den sterkaste kontrast til det vi trur på og det som vi vedkjenner som kristne, seier biskopen.

- Det å ta livet av éin person, er eit angrep på mennesket. No veit vi at mange ungdomar er blitt avretta i ein ufatteleg massakre. Det er eit attentat mot livet i dag og eit attentat mot framtida. I Bibelen står det at Gud seier: «Eg vil gje dykk framtid og von». Det er dette attentatmannen har gjort eit anslag mot, seier Kvarme.

Men midt i fortvilinga og sorga meiner biskopen at vi må halde fast på trua om framtid og von.

Fellesskap

- Korleis kan kyrkja og kristne medverke til å motarbeide framandfrykt og framandhat?

- Den kristne kyrkjelyd har frå starten av vore eit fellesskap på tvers av kulturar, folkeslag og språkgrupper. Noko av kjernen i evangeliet er det som Paulus seier: «For her er det ingen skilnad på jøde eller grekar. Alle har dei same Herren.

» Det er noko av det kristne fellesskapet sitt kjennemerke. Dette er noko som vi har forsøkt og stadig forsøkjer å formidle i kyrkja vår og i kyrkjelydane våre. No er det viktig å sette nytt søkjelys på dette. I dette engasjementet er det viktig å gå saman med alle som vil byggje samfunnet på eit slikt grunnlag, seier Kvarme.

Saman i sorg og protest

Oslo-biskopen var på ferie i Spania då terrorhandlingane fann stad. Han kom seg heim til Noreg laurdag kveld, slik at han rakk å delta i gudstenesta i Oslo domkyrkje søndag føremiddag, ei gudsteneste som stod både i sorga og vona sitt teikn.

Kvarme fortel at han har motteke mange helsingar frå muslimar, også frå utlandet, mellom anna i Midtausten. Han har og fått helsing frå sjefsrabbinaren i Jerusalem.

- Dei som har sendt helsingar seier at dei vil stå saman med oss i sorga og i protesten mot desse valdshandlingane, som er uttrykk for ein ekstrem nasjonalisme, seier Kvarme.

Han synest også det er verdt å nemne at fleire av moskeane i Oslo har hatt og skal ha markeringar på bakgrunn av tragediane som fann stad i Oslo og på Utøya sist fredag.