Reiser til Tanzania saman med kunnskapsministeren

Ei skuleklasse frå Bergen reiser i morgon til Tanzania saman med kunnskapsminister Kristin Halvorsen og utviklingsminister Heikki Holmås.

På programmet står samarbeid om energi, høgare utdanning og forsking. Dei to statsrådane vil saman besøke landbruksuniversitetet Sokoine i byen Morogoro utanfor Dar es Salaam. Noreg har støtta universitetet lenge. Samarbeid om høgare utdanning og forsking knyta til landbruk, skog og klima er sentralt.

Skuleklassen frå Langhaugen vidaregåande skule i Bergen vann NM i bistand i fjor haust. Reisa til Tanzania er premien. Dei vil følgje Holmås og Halvorsen på feltbesøk til landbruksuniversitetet, og ta del i samtalene om energi saman med unge frå Tanzania.

Dei vil òg besøke den internasjonale domstolen for Rwanda, og ulike prosjekt som viser samarbeidet mellom Tanzania og Noreg.

Kunnskapsministeren byrjar besøket på Universitetet i Dar es Salaam, som blir støtta av Noreg og har eit samarbeid med Universitetet i Oslo. Ho møter òg utdanningsministeren i Tanzania.

- Store gassfunn utanfor kysten av Tanzania skapar ny optimisme i landet. Samstundes er det frykt for at rikdomen ikkje skal kome heile folket til gode. Energi er av dei viktigaste tosidige samarbeidsområda mellom Noreg og Tanzania, ifølgje kd.dep.no.