Kvifor ikkje gje alt arbeid for alle medlemsgrupper ei språkleg innpakking som kvar og ein kan høyre heime i? spør Roar Ulvestad.

Norsk, ikkje nynorsk

Debatt: Med viten og vilje vert nynorsken køyrt ut over sidelinja.

Publisert

Sidan eg skulda sentralleddet i organisasjonen for manglande språkleg medvit, har eg sjølvsagt hatt ute antennene og håpa på at det motsette skulle bli prova. Er det ein tvil som kan kome tiltalte til gode, skal eg vere den fyrste til å gå for frikjenning. Det har diverre ikkje skjedd. Tvert om har det kome eitt og anna indisium på at medvitet følgjer den same flate utviklingskurva som på tidspunktet for skuldinga.

Det siste provet som ligg på bordet, er i form av ein pamflett retta mot tillitsvalde sitt arbeid for leiarane, på klingande bokmål som ville fått sjølvaste Arnulf Øverland til å kose seg (Ledermedlemmene i Utdanningsforbundet. Veileder for tillitsvalgte).

Innhaldet er bra, og pamfletten kan bli eit godt reiskap for den leiaroffensiven som vi har hatt gåande ei stund. Vi ser at eit offensivt sentralledd som bygger god politikk for denne medlemsgruppa, støtta av lokale tillitsvalde som gjer ein god og etterretteleg tillitsvaldjobb for alle medlemsgrupper, er sterke vervefaktorar.

Les også: Er Utdanningsforbundet sentralt utan språkleg medvit?

Kvifor ikkje ta det ekstra steget og gje alt arbeid for alle medlemsgrupper ei språkleg innpakking som kvar og ein kan høyre heime i?

For ein penneknekt med god kompetanse i norsk, er det gjort på ein dag å gje denne pamfletten nynorsk språkdrakt, slik at den kan bli mangfaldiggjort på det språk som mottakaren brukar. Dette dagsverket er ikkje dei leiarane som er nynorskbrukarar verde, ser det ut til. Neivel. Bokmåls-normativiteten er eit hardt skal å få hol på, betre folk enn meg sjølv har knekt både reiskap og kampvilje på det. Eg er kanskje for dum til å gje meg. Spør ein internt, får ein tilbake at det er ein god ide, men òg eit kapasitetsspørsmål. Sorry kamerat, den kjøper vi ikkje. Med viten og vilje vert nynorsken køyrt ut på sidelina.

Eg oppfordrar alle til å lese teksten av Kjartan Fløgstad som viste seg å vere tidenes fiasko å bruke i samanheng med eksamen, «Ikkje Amerika, men Amerika», der han ironiserer over norsk språkpolitikk med eit forslag om å fjerne Sør-Amerika frå globusen, for å fokusere på Nord-Amerika. Ironien er som kjend frå Søren Kierkegaard si tid og før det, ei eksistensiell livbøye når røyndommen blir for grell og einsidig. Kanskje det er difor ironi har gode livsvilkår i nynorskkretsar, i godt lag med Vinje sitt tvisyn.

Fløgstad sin tekst tek til på denne måten:

«Tilbakemeldingane frå ulike delar av utdanningssystemet tyder på at elevane ved Oslo-skulane ikkje har gode nok kunnskapar om Amerika. Etter vår meining er det naudsynt at elevane får meir tid til å arbeida med hovud-Amerika i nord, utan å måtta bruka mykje verdifull tid på det sørlege subkontinentet. I det heile kan det reisast tvil om Sør-Amerika er eit eige kontinent, og ikkje berre eit vedheng til hovudkontinentet i nord.

Dagens ordning med obligatorisk opplæring i begge dei amerikanske verdsdelane gjer at ein betydeleg del av tidsbruken i geografifaget går med til å arbeida med mindre vesentlege detaljar frå den sør-amerikanske delane av Amerika.»

God lesing! Helsing ein språkets argentinar.

Powered by Labrador CMS