Nynorsk litteraturpris Gunnhild Øyehaug

Gunhild Øyehaug fekk Nynorsk litteraturpris 2008.

Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975 og er frå Ørsta på Sunnmøre.

Dette er Øyehaug sin første roman, men ho er for lengst ein driven skribent og aktør i det offentlege rom, med dikt, noveller og essay på merittlista. Ho underviser også på Skrivekunstakademiet og har vore redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum.

Juryen seier dette om Gunhild Øyehaug:

– Ein godtepose og ei russisk dokke av ein roman. Med sin særeigne stil leikar Øyehaug med lesaren, med språket og med personane sine, og ho gjer det med eleganse og humor. Øyehaug verkar nyte å tøye grensene for det realistiske og det moglege. Dette er verken draum eller røynd, dette er litteratur – slik det skal vere i gode romanar".

Prisen er på 30.00 kroner.

Les også: Sissel Horndal fekk nynorsk barnelitteraturpris for biletboka "Himmelspringaren".