Sissel Horndal får Nynorsk barnelitteraturpris

Sissel Horndal får prisen for 2008 for biletboka Himmelspringaren.

Juryen trekkjer fram at boka er svært dyktig handverk frå forfattarens hand. Historia om lammet Lilla og Rakkarhågsauene er på mange måtar ei klassisk forteljing om mot og venskap, men dei vakre illustrasjonane og det forfriskande språket er av det slaget som er med på å halda biletboksjangeren høgst levande både blant små og store.

Sissel Horndal har med boka Himmelspringaren laga ei barnebok som kombinerer ei rad ulike element; her er humor og alvor, livsvisdom som verken er påtrengande eller pompøs, og ein sjølvsagt kjærleik til dyr og natur. Ein bra slant spaning og litt fin filosofering i tillegg gjer boka til ei av desse som  både gler oss i noet men som samstundes viser veg vidare innover i bøkene si vedunderlege verd.

Sissel Horndal bur i Mørsvikbotn i Sørfold Kommune i Nordland.

Juryen ønskjer i denne samanhangen òg å løfta fram det vesle forlaget Mangschou som dei seinare åra har gitt ut ei rad gjennomarbeidde og vakre kvalitetsutgjevingar for born.

Prisen vert delt ut under landsmøtet til Noregs Mållag på Økern i Oslo laurdag 25. april.

Prisen er på 30.000 kroner.

Les også: Gunhild Øyehaug fekk Nynorsk litteraturpris 2008 for "Vente, blinke".