Annonse
«I noen saker er det ansatte som krenker elevene. Det er særlig utfordrende for kommunene fordi de da skal håndtere både en elevsak etter opplæringsloven og en mulig personalsak etter arbeidsmiljøloven. I dette skjæringspunktet mellom elevens og den ansattes interesser er det viktig å ha god forståelse av begge regelverk», skriv Fylkesmannen i Telemark i årsrapporten for 2018. Ill: Redaksjonen
«I noen saker er det ansatte som krenker elevene. Det er særlig utfordrende for kommunene fordi de da skal håndtere både en elevsak etter opplæringsloven og en mulig personalsak etter arbeidsmiljøloven. I dette skjæringspunktet mellom elevens og den ansattes interesser er det viktig å ha god forståelse av begge regelverk», skriv Fylkesmannen i Telemark i årsrapporten for 2018. Ill: Redaksjonen

Problematikken i Malkenes-saka har vore kjent lenge

Lenge før Malkenes-saka oppstod, varsla Fylkesmannen i Telemark om at det er problematisk å balansere dei nye elevrettane i Opplæringslova med lærarrettar etter Arbeidsmiljølova.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Regiondirektør Arve Semb Christophersen i Arbeidstilsynet Sør-Norge seier til Utdanning at han er uroleg for rettstryggleiken for lærarane etter endringa i opplæringslova som kom i sommar.

Han vart merksam på tilhøva etter at Fylkesmannen i Telemark inviterte til samarbeid om problemet.

  

– Svært krevjande for skoleleiinga

Fylkesmannen i Telemark rapporterte i årsmeldinga for 2017 om at dei meinte det er problematisk å koordinere lærarane sine rettar etter Arbeidsmiljølova med elevane sine rettar etter dei endringane i Opplæringslova som kom i august 2017.

– Å handsame ei sak der ein lærar blir klaga for å ha krenkt elevar, kan vere svært krevjande for skoleleiinga. Læraren har sine rettar er sikra i Arbeidsmiljølova, eleven har sine sikra i Opplæringslova. Etter innskjerpinga av Opplæringslova er det blitt vanskeleg å balansere desse rettane, seier utdanningsdirektør i Telemark, Solrun Nistad Fleischer til Utdanning.

Sidan lovendringa i Opplæringslova i sommar har Fylkesmannen i Telemark fått fire klager med bakgrunn i denne konflikten. Nå heiter det, i paragraf 9A, at om ein elev kjenner seg krenkt av ein lærar, har rektor plikt til å handle innan fem arbeidsdagar frå det er kome melding om dette.

Fleischer understrekar at Fylkesmannen ikkje ønskjer å endre dei nye reglane, sjølv om Fylkesmannen ser at dei kan vere vanskelege å handtere.

– Fylkesmannen skal rettleie om Opplæringslova. Men Arbeidsmiljølova er ikkje vårt område, seier Solrun Nistad Fleischer, som forklaring på kvifor dei tok kontakt med Arbeidstilsynet om denne saka.

 

– Sakshandsaming i rett tid

– Det er opplevinga til barnet av å vere krenkt som utløyser handlingsplikta, seier regiondirektør Arve Semb Christophersen i Arbeidstilsynet Sør-Norge til Utdanning.

–  Ein kan godt forstå at det skal vere slik. Men rektor kan oppfatte forventningar om å handle før saka er avklart og det er brakt på det reine om læraren har krenkt eller ikkje, seier regiondirektør Arve Semb Christophersen i Arbeidstilsynet Sør-Norge.

Dermed kan det bli ein konflikt mellom rettane til elevar og lærarar.

Å ta læraren ut av undervisning kan vere eitt av rektor sine tiltak for å oppfylle handlingsplikta i Opplæringslova når elevar opplever at læraren har krenkja dei. 

– Det er naturlegvis svært tungt for læraren. Samstundes set det rektor i ein vanskeleg situasjon. Rektor kan risikere å måtte handle før situasjonen er greidd ut på godt vis, seier Christophersen.

– Alle arbeidstakarar skal vere trygge for at dei ikkje vert utsett for slike reaksjonar utan at dei har fått forklart seg, og at det som heiter «kontradiksjon», er sikra. Det vil seie at dei skal få kome med sin versjon av saka. Gode rutinar kan sikre at ein får starta undersøkinga med ein gang og sikra ein rett sakshandsaming i rett tid, seier Arve Semb Christophersen.

 

Læraren sin versjon kjem ikkje fram

– Vi tok problemet opp med Fylkesmannen gjennom Forum for utdanning, seier leiar i Utdanningsforbundet Telemark, Harald Johansen.

– Når rektor oppfattar at handlingsplikten tyder å lage ein handlingsplan i løpet av fem dagar, da er risikoen stor for at arbeidet ikkje blir godt nok. Særleg utsett er læraren sine sjansar til å kome med sin versjon av kva som er skjedd, seier han.

– Kan vi setje kjenslene til eit barn på vent medan vi greier ut dei faktiske forholda?

– Barnet har rett til å bli trudd. Samstundes må vi erkjenne at ei subjektiv oppleving av krenking ikkje alltid er krenking, seier Johansen, og held fram:

– Dei nye reglane står fram som eit resultat av pendellova. Det finst døme på saker om krenking, frå før innskjerpinga av lova, der lærarar har slept unna reaksjonar som dei heilt klart burde fått. Dei fleste av krenkingssakene frå før lovendringa kunne heilt sikkert blitt avklart ved samtalar mellom læraren og eleven og foreldra. Så frå å ikkje ta alle desse sakene alvorleg nok kan det sjå ut som om vi nå går for mykje den andre vegen, seier Harald Johansen.

 

Ulik oppfatting av krenking

Fylkesmannen i Telemark og Arbeidstilsynet Sør i april representantar for alle skoleeigarane i fylket til samling med dette som tema.

– Svært nyttig, seier rektor Terje Flahta ved Kollmyr skole i Skien, som var på den første av dei to samlingane.

Tidspresset i slike saker er det første han trekk fram som utfordrande.

– Kva som blir oppfatta som krenking vil dessutan kunne endre seg med tida, held han fram.

– Difor bør lærarkollegiet diskutere kva vi meiner er krenking. Er det krenking å bli snakka strengt til? Er det krenking å bli sendt til rektor, seier Flahta, og held fram:

– Vi har ikkje hatt slike konfliktar her på skolen. Men det er nettopp nå vi bør diskutere dette, før vi eventuelt har hamna i konflikten. Slik kan vi både førebyggje slike konfliktar og gjere dei noko mindre vanskelege å handtere om dei likevel skulle dukke opp, seier han.

 

– Diskuter!

Og det er nettopp slik Arve Semb Christiansen ønskjer at lærarane skal gjere det: Diskutere i lærarkollegiet kva som er krenking og kvifor.

– Da kan vi få ned talet på saker. Det er bra i seg sjølv, og med færre saker er det og mindre risiko for at sakene blir handsama uheldig, seier han.

– Finst det ikkje ein nettstad med ei oppskrift for korleis ein handsamar slike saker?

– Nei, vi har ikkje automatisert dette, seier Ave Semb Christophersen.

 

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________