Eit regjeringsoppnemnt utval oppfordrar til meir fordjuping og differensiert undervisning som eit tiltak for elevar med stort læringspotensial. Illustrasjonsfoto: Ole Martin Wold

Differensiert undervisning skal hjelpe dei flinkaste elevane

Skolane bør bli betre til å nytte handlingsrommet dei har til å sette inn tiltak for elevar med stort læringspotensial.

Publisert

Det er blant konklusjonane til utvalet som i dag overleverte utgreiinga «Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial».

Blant andre tiltak er at lærarane i klasserommet tar i bruk undervisningsmetodar som skal gi elevane høve til å gå djupt inn i stoffet og oppleve den kunnskapsmessige rikdomen det kan gi.

Det som særleg er viktig for elevar med stort læringspotensial, er å bli identifisert og anerkjent. Det er viktig med pedagogisk og organisatorisk differensiering, blir det understreka fleire stader i utgreiinga.

– Er ikkje dette sentrale kjenneteikn på kvalitet i undervisning for alle elevgrupper?

Utdanning spør leiar for utvalet, Jan Sivert Jøsendal, utdanningsdirektør i Drammen kommune.

– Jo, men kunnskapsoppsummeringa som er fortatt ved Kunnskapssenter for utdanning konkluderer med at lærarar ønskjer meir kompetanse i responsiv undervisning, som å gå djupt i faga for å hente fram kunnskapsrikdom. Denne mangelen lir elevane med stort læringspotensial under.

– Veit vi om dei lærarane som tykkjer det er vanskeleg å differensiere til beste for dei med størst læringspotensial, også har vanskar med å differensiere til beste for dei med minst?

– Det har vi ikkje gått grundig inn i. Men vi veit at lærarar finn det vanskeleg å forstå desse elevane godt nok. Vi veit og at i «pakka» rundt lærarane, som lærarutdanninga og støtteapparatet rundt læraren, er det lite som er retta inn mot elevane med stort læringspotensial.

 

Inndeling etter nivå

– Historiene om den ulukkelege supereleven er mange. Men kor godt grunnlag har vi til å seie at dette er eit uheldig generelt trekk ved undervisninga, ikkje berre einskilde forteljingar?

– Kunnskapsoppsummeringa frå internasjonal forsking som Kunnskapsenteret for Utdanning har gjort, gir oss godt forskningbasert grunnlag til å sjå det som eit fenomen, og ikkje berre ei samling einskildhistorier.

Ni gjennomgangar av internasjonal forskingslitteratur viser at i Noreg blir differensiert undervisning for elevar med stort læringspotensial opplevd som elitær. Men dette deler vi med andre europeiske land, seier Jøsendal, og legg til:

– Sjølvsagt er det, trass dette, mange elevar med stort læringspotensial som har det heilt fint i skolen.

Blant tiltaka utvalet foreslår, er større bruk av differensiert undervisning, både ved at elevar får prøve seg på eit høgare klassetrinn, og at elevane, i kortare periodar, blir delt etter nivå. Dette er det rom for i lovverket, men det er ein viss motstand mot å bruke det.

– Men å dele er ikkje det einaste tiltaket. Djuplæring kan praktiserast utan slik deling. Får elevane høve til å gå i djupna i faget, så blir dei aldri ferdige med det, seier Jan Sivert Jøsendal.

 

Isaksen: – Elevane sitt potensial må oppfyllast

– Er problemet at skolane generelt sett ikkje er flinke nok til å differensiere, eller er problemet at dei ikkje differensierer godt nok for elevane med størst potensial?

– Båe delane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

– Det vert ofte sagt at dei flinke, dei klarar seg alltid. Og det kan det vere mykje i. Men vi må vere meir ambisiøse enn som så. Skolen skal meir enn å sikre at elevane klarar seg. Skolen skal sikre at alle får oppfylt sitt potensial. Difor framhevar vi nå desse elevane. Vi vil ta problematikken vidare og ønskjer ein brei samfunnsdebatt.

– Kan det vere slik at den flinke læraren klarer å differensiere heile elevgruppa si, medan den meir middelmåtige berre famnar dei i midten?

– Det veit eg ikkje. Vi har hatt mykje merksemd om dei som eg kallar dei som treng skolen mest, altså dei vi er redde ikkje skal få med seg vesentleg læring. Det skal vi framleis ha. Men det er ingen motsetnad mellom dette og i å leggje betre til rette for gruppa med stort læringspotensial, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Powered by Labrador CMS