Regjeringa får ikkje fleirtal i Stortinget for å innføre ein språknorm i barnehagen. Arkivfoto: Utdanning

Ikkje stortingsfleirtal for språknorm i barnehagen

Regjeringa får ikkje fleirtal i Stortinget for å innføre ein norm for kva barn skal kunne av norsk språk når dei går ut av barnehagen.

Publisert

– Nei, Venstre stør ikkje framlegget om ei slik norm. Eit kompetent personale og betre bemanning er viktigare tiltak for å betre språkarbeid i barnehagen, seier Iselin Nybø, stortingsrepresentant for Venstre, til Utdanning.

Hadde regjeringa fått støtte frå Venstre, hadde tiltaket fått fleirtal.

I går la familie- og kulturkomiteen på Stortinget fram si innstilling til Stortingsmeldinga «Tid for lek og læring», der regjeringa gjer framlegg om fleire endringar i barnehagepolitikken. Tiltaka skal styrkje den vakseninisierte læringa i barnehagane. Særleg mykje merksemd har det vore om framlegget om ein norm for kva barn skal kunne av språk når dei går ut av barnehagen.

Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti gjekk i komiteen i mot dette og svært mange av tiltaka. Men sidan berre dei fire partia Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet er representerte i komiteen, gav ikkje komiteinnstillinga noko eintydig bilde av kva Stortinget som heilskap meiner om framlegga.

Venstre hadde møte om innstillinga frå komiteen i går ettermiddag. Der avklarte dei at Venstre stør sentrale merknadar frå dei to partia. I tillegg til å avvise språknorm stør dei også merknadane frå Arbeidarpartiet og KrF som særleg skal ta omsyn til dei minste barna.

– Vi stør heller ikkje det som står i meldinga om dokumentasjon og kartlegging, seier Nybø.

Samstundes understrekar ho at partiet ikkje følgjer alle merknadane frå Arbeidarpartiet og KrF.

– Men det vil vere vanskeleg å spå resultatet av avstemminga om meldinga i detalj, all den tid så få parti sit i komiteen. Det er ingen arena der partia som ikkje sit i komiteen flaggar detaljerte standpunkt. Så det er berre å vente på avstemminga 7. juni, seier Iselin Nybø. 

Powered by Labrador CMS