Denne veka streikar hundretusenvis av elevar for ei framtid det går an å leve i. Kan vi oversjå det? spør Roar Ulvestad. Biletet er frå ein elevstreik i Marseille i Frankrike 15. mars 2019. Foto: Wikimedia Commons / Touam (Hervé Agnoux)
Denne veka streikar hundretusenvis av elevar for ei framtid det går an å leve i. Kan vi oversjå det? spør Roar Ulvestad. Biletet er frå ein elevstreik i Marseille i Frankrike 15. mars 2019. Foto: Wikimedia Commons / Touam (Hervé Agnoux)

Norskfag utan berekraft

Å fjerne «berekraft» som fagovergripande tema for norskfaget er forhåpentlegvis ei rein forgløyming.

Publisert   Sist oppdatert

 

No har eg skumma meg gjennom eit par-tre av utkasta til nye læreplanar, og det er to ting eg har bite meg merke i, det eine går på tvers av faga, og det andre er for faget «mitt», som er norsk. Dette må bli den fyrste gongen eg har ytra noko kritisk om norskfaget si «omsmelting» i fagfornyinga. Eg er heilt perpleks.

For det første er det for meg stor skilnad på «fagovergripande» og «tverrfagleg». Fram til no har det vore ein rimeleg konsekvent bruk av «fagovergripande». I det legg eg at alle fag vert utfordra på å arbeide med si tilnærming til eit gitt tema, det vere seg «Folkehelse og livsmeistring», «Demokrati og medborgarskap» eller «Berekraft».

 

Ved bruk av omgrepet «fagovergripande» respekterer ein faggrensene, og fokuserer på kva som er det einskilde fag sitt naturlege bidrag til tema, ut frå sin eigenart. I «Tverrfagleg» les eg oppløysing av timeplan og samarbeid mellom faga i same skuletid. Eit anarki som utfordrar lærarkompetanse, vurderingspraksis og tidsbruk. Vi som har vore ei stund i skulen, veit kva tidstjuv tverrfagleg arbeid er. Eg hadde sett fram til å arbeide med «Demokrati og medborgarskap» innanfor norskfaget, i norsktimane. Eg er ikkje innstilt på «Demokrati og medborgarskap»-dagar, der einskildfaga kokast saman til ein einaste stor læringsgraut. Her må planverket halde seg til «Fagovergripande» og ikkje spole skulen tilbake til lappeteppepedagogikken vi hadde i L97.

 

Elles er eg heilt i stuss over at norskfaget har kvitta seg med «berekraft» som fagovergripande tema. I førre planutkast kunne vi under Bærekraftig utvikling lese fylgjande:

«Gjennom arbeid med norskfaget utvikler elevene kunnskap om hvordan tekster framstiller samspillet mellom mennesket og dets livsbetingelser lokalt, nasjonalt og globalt. Gjennom fagets tekstmangfold, kritisk lesing og dialog kan elevene utvikle forståelse for grunnleggende dilemmaer og utviklingstrekk i samfunnet og evne til å handle og påvirke gjennom språket.»

 

At dette no er teke ut, kan eg ikkje fatte og begripe. Som om norskfaget ikkje har spesifikke bidrag til dette temaet. Eitt av dei nyaste og mest spanande bidraga til norskdidaktikken og moderne tekstforsking er nemleg «økokritikk». Litterære skildringar skjer alltid i eit miljø, og miljøet er med på å påverke handlingane og ytringane til dei vi møter i skildringa. Å problematisere samspelet mellom menneske og miljø kan bli ei kjerneoppgåve for norskfaget.

Gjennom gode tekstval og litterære samtalar kan vi saman reflektere og utvikle vår eiga tenking om både notid og framtid. Det er ikkje utan grunn at dystopiske tekstar har gjennomslag blant ungdom i dag, tekstar som skildrar kva som kan (eller vil) gå galt om vi ikkje skjerpar oss og måten vi har vald å innrette oss på. Denne veka streikar hundretusenvis av elevar for ei framtid det går an å leve i. Kan vi oversjå det?

Professor Nina Goga ved Høgskulen på Vestlandet seier i eit intervju følgjande om økokritikk:

«I mine øyne innebærer et økokritisk perspektiv på litteratur å rette oppmerksomheten mot litteraturens fremstilling av de fysiske omgivelsene, av forholdet mellom mennesker og andre livsformer og å undersøke hvorvidt fremstillingsmåtene innebærer en antroposentrisk eller en økosentrisk holdning til dette og i hvilken grad fremstillingen feirer eller problematiserer de fysiske omgivelsene eller forholdet mellom mennesker og andre livsformer.»

 

Vi har endt opp i eit globalt økologisk uføre fordi vi har sett oss sjølve i sentrum av skaparverket. Ei religiøs grunnhaldning som har fått svært destruktive konsekvensar for det dennesidige. Norskfaget har ei naturleg rolle i å minne oss på at vi er underlagt dei same lovene som alle andre biologiske vesen. Å fjerne «Berekraft» som fagovergripande tema for norskfaget er forhåpentlegvis ei rein forgløyming, men i motsett fall er det både ulurt og direkte uansvarleg. Kan nokon gje meg ei forklaring på kvifor norskfaget ikkje blir gitt tillit til å forvalte og utvikle eleven sine kunnskapar og innsikter om «berekraft»?

Mykje kan tyde på at det ikkje er faggruppa sjølv som har snauklipt dei fagovergripande temaa. Engelsk står att med berre «Demokrati», matematikk har berre «Folkehelse og livsmestring», naturfag har «Folkehelse og livsmestring» og «Bærekraftig utvikling», medan Krle og samfunnsfag har fått halde på alle tre. Med same fagovergripande tema i alle fag hadde vi fått tre tjukke og gode etiske raude trådar både på tvers av faga og opp til intensjonane i Overordna del av læreplanen. Det er grovt når nokon med overdriven slanketrang har skore vekk fagovergripande tema på noko som verkar på ein heilt tilfeldig og overflatisk måte. Jamfør «djupnelæring».

 

Til grunn for å fjerne fagovergripande tema vert det av KD lagt eit utsegn frå stortingsmelding 28 (2015-2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet: Derles vi at det er«en forutsetning at de tverrfaglige temaene kun skal inngå i de fagene hvor de er en sentral del av det faglige innholdet».

 

Om eg ser på dei tre fagovergripande temaa med norsklektorbrillene på, er det heilt openbert at «Folkehelse og livsmestring» må vere med. Litteraturen er meir enn noko anna ei samling med tekstar om utfordringane med å finne seg til rette i seg sjølv og verda. Dernest er «Berekraftig utvikling» heilt sentral, når det til og med er ein eigen forskingsdisiplin i norsk og litteraturvitskap som arbeider med ulike økokritiske perspektiv og ser på samspelet mellom menneske og miljø slik det er skildra i litteraturen. Om eg skulle fjerna eitt av dei fagovergripande temaa, hadde det difor blitt «Demokrati og medborgarskap», som ikkje har eit naturleg «fotfeste» i faget som eige område i didaktikk eller grunnforsking. Eg vil imidlertid ikkje fjerne nokon. Norsk er «fagenes fag» og skal ha alle. Elles blir det å leike skule og leike berekraft.

 

Å fjerne «berekraftig utvikling» er, slik som eg ser det, eit alvorleg fagleg og etisk brot med dei føringane som vart lagt for Fagfornyinga gjennom Stortingsmelding 28.

 

Avslutningsvis vil eg difor tileigne eit dikt av Hans Børli til alle tilsette i Kunnskapsdepartementet. Natur og miljø er meir enn utsikt frå hytteverandaen medan du drikk chablis og tenker djupe tankar om «Fremtidens skole» og metakognisjon.  

 

Urbanisert

Han la-igjen sitt ansikt i skogen;

det ligger forlatt i røsslyngen

og tygger vind.

Mens han tusler omkring inne i

drabantbyen

med sjelen strittende som halm

ut av tomheten.

 

Det er ikke så lettvint som

de kaldkloke velferderne

på toppen tror: Du kan ikke

bare sette pendress på ei sorg

og kalle den lykke.