Denne barnehagen ordbadar kvar morgon

Barnehagar som brukar ordkort i kombinasjon med sanseopplevingar og fysiske aktivitetar, håper å fremje språkutvikling og førebyggje lese- og skrivevanskar.

Dei sitrar av glede og iver. Det er samlingsstund i barnehagen. I kjapt tempo les den pedagogiske leiaren høgt orda som står på korta ho viser fram: «Brannmann. Brannbil. Bøtte. Spade. Ild. Vatn.» Etterpå klappar barna i hendene og ler. Ler, samstundes som dei vaksne håper at dei lærer.

Denne artikkelen var først publisert i Første steg nr. 1/2016.

Hele utgaven leser du elektronisk her

Ungane er tydelig drivne i denne leiken. Dei starta med Bravo då dei gjekk på småbarnsavdelinga, og får halde fram med den som tre- og fireåringar. Når den pedagogiske leiaren går gjennom orda igjen, er det fleire barn som seier dei høgt saman med henne. Velledalen Naturbarnehage i Sykkylven på Sunnmøre er ein av 250 barnehagar i Norge og Danmark som brukar Bravo-leken under samlingane sine.

 

Fyrst i Norge

_ Ungane gler seg til denne stunda, seier dagleg leiar Torild Hole. Ho var blant dei fyrste i Norge som gjekk på kurs for å lære seg metoden. Etter å ha prøvd seg fram, landa barnehagen på å kombinere Bravo-leken med Snakkepakken, eit anna pedagogisk språkverkty, der ein synleggjer forteljingar, songar og reglar.

– Vi planlegg det slik at orda i Bravo-leken samsvarar med tematikken i Snakkepakken. Vi pøsar på med ord og omgrep, som vi ofte lar barna erfare innhaldet av, gjennom bruk av både sansane og fysisk utfalding. Når vi har ordet surt, får dei til dømes smake, lukte, kjenne på og sjå ein sitron. Håpet er at innsatsen fører til ei god språkforståing, gir barna ein fin start og hindrar lærevanskar, seier Hole.

– Kan de peike på konkrete resultat av å bruke Bravo-leken?

– Vi ser ein auke i talet på barn som kan å lese allereie i barnehagen, men kan ikkje svare på om det skuldast innsats i heimen, i barnehagen eller i ein kombinasjon av desse. Men det vi veit, er at interessa for bokstavar og ord har blitt mykje større. I tillegg ser vi at barna kosar seg, seier Hole og pedagogisk leiar Renate Martha Skjortnes.

 

Leste som treåring

Det er spesialpedagog Heidi Aabrekk som står bak Bravo-leken. Ho fortel at det førebels ikkje finst konkrete studiar som kan dokumentere effekten av den.

– Men i Andøy kommune såg vi redusert behov for spesialpedagogikk i 1.- og 2. klasse, etter tre år med ekstra tidleg innsats i barnehagane. Bravo-leken var eitt av fleire grep kommunen tok, seier Aabrekk. Leiar for PPT i Andøy, Dag Erik Hovlund, stadfestar dette.

– Vi kan ikkje vite konkret kva nedgangen i behovet for spesialpedagogikk skuldast, men Bravo-leken er eitt av mange tiltak som vi trur har hatt positiv innverknad, seier Hovlund.

No har metoden hamna på forskarane sine pultar.

 – Bravo er med i eit treårig forskingsprosjekt gjennom Høgskulen i Sogn og Fjordane, der ein ser på effekten av Bravo-leken opp mot andre verkty for tidleg innsats, seier Aabrekk.

Ho oppdaga sjølv denne pedagogiske tilnærminga i USA, etter at ho fekk ein son fødd med alvorleg hjerneskade.

– Legane i Norge sa det ikkje var håp om at han kunne lære å kommunisere, men allereie som treåring kunne han lese. Forskinga viser oss at det er fram til treårsalderen dei fleste koplingane i hjernen blir laga. Det er då læringspotensialet er størst, og her bør vi ha ei aktiv tilnærming, ikkje ein vente og sjå-taktikk, seier Aabrekk.

Pedagogisk leiar Anita Nakken køyrer Bravo-leken for dei mellom 0–3 år ved Velledalen Naturbarnehage, og det er særskilt i denne aldersgruppa potensialet for læring er stort. Foto: Gyri Aure

Pedagogisk leiar Anita Nakken køyrer Bravo-leken for dei mellom 0–3 år ved Velledalen Naturbarnehage, og det er særskilt i denne aldersgruppa potensialet for læring er stort. Foto: Gyri Aure

 

Press eller ei?

– Både foreldre og barnehagane har sterke ønske om at barna skal klare seg så godt som mogleg når dei skal over i skulen. Har de her bygd opp eit pedagogisk program som spelar på desse intense ønska, for slik å tene pengar på det?

– Vi er sosiale entreprenørar som ønskjer å fremje læring. Vi byggjer arbeidet vårt på den kunnskapen vi har om hjernen. Som spesialpedagog er det satsinga på Bravo-leken som ligg hjartet mitt nærast. Når det gjeld den bedriftsmessige biten av det heile, er vi framleis avhengige av stønadar for å kunne drive selskapet, seier Aabrekk.

– Bravo-leken har blitt kritisert for å kunne føre til prestasjonspress blant barn allereie før dei er fylt tre år. Er det fare for det?

– Det finst ikkje prestasjonskrav i Bravo-leken, og tilbakemeldingane vi får frå barnehagane er at det er stor interesse blant dei små om å vere med. Det er snakk om å bruke mellom 10 og 15 minutt på dette kvar dag, og barna har framleis mykje rom for fri leik, seier Aabrekk.

Pedagogisk leiar Anita Nakken køyrer Bravo-leken for dei mellom 0–3 år ved Velledalen Naturbarnehage, og det er særskilt i denne aldersgruppa potensialet for læring er stort. Foto: Gyri Aure

Ved denne barnehagen går dei også gjennom namna til alle barna under samlinga, og mange kjenner att bokstavane både i sine eigne og andre sine namn. Foto: Gyri Aure

 

Må evaluere

Pedagogikkprofessor ved Høgskolen i Hedmark, Thomas Nordahl, seier det er fullt mogleg at Bravo-leken kan ha ein effekt.

– Opplegget ser veldig systematisk ut, og det er bra når det gjeld språkstimulering. Utfordringa er at det finst mange gode intensjonar, og dermed også mange tiltak ein kan velje mellom overfor barna. Difor er det viktig at vi får gode evalueringar av desse tiltaka, slik at vi vel rett, seier Nordahl.

 

Powered by Labrador CMS