Sandnes-elevar vann leirskolestrid

I går vart det kjent at det likevel ikkje er politisk fleirtal i Sandnes kommune for å stryke løyvingane til leirskole.

Da det vart kjent at kommunen ville spare 2,1 millionar på å ikkje sende elevar på leirskole, gjekk elevane til aksjon. Det vart oppretta underskriftslister og organisert demonstrasjon. Men nå har politikarane snudd.

– Eg har aldri vore på leirskule sjølv, men det høyrest ut som dei har lyst og då kan me ikkje stoppa dei, seier varaordførar Morten Borgli frå Frp til NRK Rogaland.

Eg har vore på leirskule. Det er eit av minna frå barndommen som sit igjen, seier gruppeleiar for Sandnes Høgre, Thor Magne Seland.

Dermed er både posisjon og opposisjon forlikte om å ta leirskole inn att i budsjettet.

Powered by Labrador CMS